Samværsrett

12.05.2004, HR-2004-00882-A, (sak nr. 2004/104), sivil sak, anke
FNs barnekonvensjon artikkel 12
A (advokat Tore Angen) mot B (advokat Venil Katharina Thiis)

Utgård, Stang Lund, Gjølstad, Tjomsland og Schei

Endring av fastsett samværsrett: spørsmål om det var saksbehandlingsfeil når eit barn ikkje vart spurt om å uttale seg. A og B vart sambuarar hausten 1989. Dei har to barn, ein son fødd i desember 1991 og ei jente fødd i september 1996. Samlivet tok slutt i februar 2001. Etter eit halvt år tok mor med seg barna og flytta til sin heimstad, 60 mil unna.

Ved mellombels avgjerd avgjorde heradsretten at barna skulle bu fast hos far fram til dom, samstundes som mor fekk samvær ei langhelg fjerde kvar veke, og i heile haustferien, jule- og nyttårsferien og vinterferien. Partane gjorde rettsforlik med i hovudsak same innhald i lagmannsretten. I sjølve søksmålet kom heradsretten til at barna skulle bu hos mor, og far fekk samværsrett nærare fastsette langhelger, tre veker kvar sommar og annan kvar ferie elles. Det var ikkje tvist om hovudlinjene for samværet for heradsretten. Far anka til lagmannsretten over kven barna skulle bu fast hos, men ikkje over omfanget av samværet. Lagmannsretten stadfesta heradsrettsdommen. Anke til Høgsterett vart nekta. Få dagar etter at anken til Høgsterett var nekta, sette far fram krav om meir omfattande samvær med barna. Han viste særleg til at sonen - det eldste av barna - hadde gitt uttrykk for eit sterkt ønskje om det. For at samvær fastsett ved dom skal kunne endrast, må det liggje føre "særlege grunnar", barnelova § 47, jf. § 39 (slik nummeret på lovparagrafane var før endring frå 1.4.2004). Verken Drammen tingrett eller Borgarting lagmannsrett fann at det låg føre slike særlege grunnar. Dei fann dette openbert, slik at det ikkje var nødvendig med hovudforhandling, barnelova § 39 tredje ledd. Ingen av rettane fann grunn til å høyre sonen, noko far uttrykkeleg kravde. For Høgsterett var spørsmålet berre om det var saksbehandlingsfeil når sonen ikkje var høyrd. Spørsmålet om rett til å uttale seg er dels regulert i barnelova § 31 og dels i FNs barnekonvensjon artikkel 12. Barnekonvensjonen er frå 1. oktober 2003 norsk rett, jf menneskerettslova § 2 nr. 4. Høgsterett viste til at saka var spesiell fordi det var tale om ei sak om endring av tidlegare dom om samvær. Det vart vist til kjæremålsutvalet si avgjerd i Rt. 1997 side 442 om at det ikkje er krav om sterke grunnar, men om "konkrete og påviselige grunner" og der det må meir til enn for å vinne fram i den første saka. Men i tillegg må det vere grunnar av ei viss vekt når det, som her, er tale om endring av ein ny dom. Eit barn har rett til å uttale seg om eit spørsmål som samværsretten når det etter mogning, alder og føresetnadene elles har grunnlag for å gjere det. Det følgjer både av barnelova § 31 og barnekonvensjonen artikkel 12. Men det må i alle tilfelle skje ei vurdering av dette opp mot eit grunnleggande prinsipp om barnets beste. Sonen var i ein personleg situasjon der han hadde bruk for støtte og vern. Det ville vere svært vanskeleg for han å bli ført inn i ein konfliktsituasjon mellom foreldra, noko som ville skje også om han berre vart spurt om han ønskte å forklare seg. Her var det fastsett ein samværsrett, som ikkje hadde vore omtvista, og som på ingen måte var nokon minimumsrett. I denne situasjonen var det ingen saksbehandlingsfeil at sonen ikkje av retten var spurt om han ønskte å uttale seg.

Les avgjørelsen i sin helhet