Framlegg av fråsegn
29.04.2004, HR-2004-00800-A, (sak nr. 2002/582), sivil sak, anke
tvistemålsloven § 197
Paranova AS (advokat Jonas W. Myhre) mot Merck & Co Inc m.fl.
Bruzelius, Lund, Rieber-Mohn, Støle, Aasland
Spørsmål om retten til å leggje fram ei fråsegn som hadde vore lagt fram for EFTA-domstolen i samband med handsaminga av Høgsteretts førespurnad om ei rådgjevande fråsegn, jf. tvistemålsloven § 197.
Høgsterett kom til at tvistemålsloven § 197 ikkje gir grunnlag for å nekte ein part å leggje fram ei fråsegn avgitt av The International Trademark Association, som hadde vore lagt fram for EFTA-domstolen som vedlegg til ankemotpartanes innlegg til domstolen, og som er sendt over til Høgsterett saman med fråsegna frå domstolen. Uttala at det vil vere uakseptabelt om den nasjonale domstolen som tek imot den rådgjevande fråsegna frå EFTA-domstolen som den har spurt om, skulle vere avskore frå dokument som EFTA-domstolen har fått lagt fram under behandlinga si av førespurnaden.