Innførsel av 600 kilo khat

27.08.2004, HR-2004-01448-A, (sak nr. 2004/846) straffesak, anke
Straffelova § 162 andre ledd
A (advokat Odd Rune Torstrup) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Dommersnes)

Utgård, Øie, Støle, Oftedal Broch og Tjomsland

Saka gjeld narkotika, innførsel og overdraging av 600 kg khat. Grensa for grovt narkotikabrotsverk når det gjeld khat og straffutmåling. A var domfelt for innførsel av 600 kg khat. Av dette vart 129 kg beslaglagt av tollen, medan resten vart overdrege vidare.

Høgsterett la til grunn at innførsel og overdraging av 600 kg khat til vanleg må vere tilstrekkeleg til at brotsverket må reknast som grovt, jf. straffelova § 162 andre ledd. Ei slik mengde er då sett i samanheng med karakteren på stoffet, og at 250 gram khat må reknast som ein brukardose. Også omstenda ved handlinga må kome inn i vurderinga av om narkotikabrotsverket er grovt. I eit tilfelle der handlinga hadde eit profesjonelt preg og der det var profittmotiv, var det ikkje nokon feil ved rettsutgreiinga i lagmannsretten at innførsel og overdraging av 500 kg var sagt å kunne vere ei grense. Innførsel og omsetning hadde skjedd ved at A hadde reist til Nairobi i alt 15 gonger over ein periode på 16 månader. Det var tale om store økonomiske interesser. Aktiviteten hadde ein profesjonell karakter. Det må også leggjast til grunn at det er spreiingsrisiko innanfor i alle fall ein del grupper i vårt land. Straffa vart særleg vurdert i samanheng med avgjerda i Rt. 1994 side 1332 som gjaldt eit kvantum på 200 kg og der straffa var sett til fengsel i fem månader. Høgsterett kom til at det ut frå dette og ut frå det som var lagt til grunn i saka no, i alle fall ikkje var for strengt når lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i sju månader. Domfelte si anke vart derfor forkasta.

Les heile avgjerda