Ny strafflagd handling - straffutmåling

07.09.2004, HR-2004-01475-A, (sak nr. 2004/995), straffesak, anke
Straffelova § 28 b andre ledd
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta Statsadvokat Bjørn Kr. Soknes)

Utgård, Rieber-Mohn, Støle, Gussgard og Schei

Hovudspørsmålet i saka var om det var heimel for samla dom på fengsel utan vilkår, når domfelte gjer seg skuldig i ny strafflagd handling etter dom på samfunnsstraff men før gjennomføringstida startar for denne. Saka reiste dessutan straffutmålingsspørsmål.

I straffelova § 28 b andre ledd heiter det at det kan nyttast samla dom for ny strafflagd handling og tilhøva som låg til grunn for samfunnsstraffa, der ein domfelt gjer seg skuldig i nye tilhøve "i gjennomføringstiden" for samfunnsstraffa. Og etter ein dom i Rt. 2004 side 385 tek gjennomføringstida til når det blir halde kartleggingssamtale for gjennomføring av samfunnsstraffa. Ordlyden i lova gir ut frå dette ikkje heimel for samla dom der ein domfelt gjer seg skuldig i ei ny strafflagd handling før det er halde kartleggingssamtale og gjennomføringstida såleis har teke til. Fleirtalet i Høgsterett, fire av dommarane, kom til at verken lovhistoria eller at det her er etablert ei lite heldig løysing, kan føre til eit anna resultat. Dei tidlegare reglane om samfunnsteneste hadde ei føresegn som gav heimel for slik samla straff. Ei forståing i samsvar med ordlyden er lite rimeleg, men dette kan ikkje avhjelpast gjennom lovtolking. Rettstilstanden må ut frå dette endrast av lovgivaren. Det vart peika på at departementet har gjort framlegg til slik endring i proposisjonen til ny straffelov. Høgsteretts fleirtal uttala at det er ønskjeleg at ei endring her blir vurdert uavhengig av den nye straffelova. Tingretten og lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i 9 månader, innrekna 120 dagar subsidiær fengselsstraff i høve samfunnsstraffa. Ut frå det synet fleirtalet i Høgsterett hadde på lovtolkinga, måtte samfunnstraffa bli ståande. Høgsteretts fleirtal uttala at ei straff av fengsel i 6 månader ville vore passande for dei nye handlingane. Domfelte hadde tilstått alle handlingane. Sjølv om han venteleg også hadde vorte dømt utan tilståingane, hadde desse likevel vore til lette for saka ved at pådømming kunne skje ved tilståingsdom. Straffa vart etter dette sett til fengsel i 5 månader. Mindretalet i Høgsterett, ein dommar, kom til at anken måtte forkastast. "I gjennomføringstiden" var neppe tilsikta frå lovgivaren, som mest truleg hadde søkt å parallellføre ei formulering om prøvetid. Det er svært uheldig at ein domfelt kan gjere nye strafflagde handlingar utan at det blir sett på som brot på føresetnadene for ein dom på samfunnsstraff. Ei slik tolking av "i gjennomføringstiden" som fleirtalet legg til grunn, gir også dårleg samanheng med andre reglar om samfunnsstraff. Ut frå dette kom mindretalet til at lovsprinsippet ikkje kan tvinge Høgsterett til å vere bunden av uttrykksmåten "i gjennomføringstiden" i § 28 b andre ledd.

Les heile avgjerda