Meddommar-forsikring

10.09.2004, HR-2004-01502-A, (sak nr. 2004/932), straffesak, anke
domstolloven § 100
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Trond Eirik Schea) mot A (advokat Anders Ryssdal)

Matningsdal, Utgård, Skoghøy, Lund, Schei

I ei meddomsrettssak gav ein meddommar som gjorde teneste for første gong, først forsikring ved byrjinga av rettsmøtet under andre dag av hovudforhandlinga. Hovudforhandlinga varte i tre dagar. Den tiltala blei dømd under dissens 2-1. Fleirtalet bestod av rettsformannen og den nemnde meddommaren.

I anken til den dømde til lagmannsretten blei det blant anna gjort gjeldande at det var ein sakshandsamingsfeil at forsikringa ikkje var gitt ved innleiinga av hovudforhandlinga, jf. domstolloven § 100, og at dette var ein absolutt opphevingsgrunn etter straffeprosessloven § 343 andre ledd nr. 3. Borgarting lagmannsrett var einig i dette, og oppheva dommen under ankeprøvinga, jf. straffeprosessloven § 322 første ledd nr. 1. Anken frå Økokrim til Høgsterett blei teken til følgje. Høgsterett uttala at det kunne stillas spørsmål ved om det at forsikring ikkje var gitt, i det heile teke vert omfatta av straffeprosessloven § 343 andre ledd nr. 3 - at "domstolen ikke var lovlig besatt". Høgsterett fann det likevel ikkje naudsynt å ta uttrykkeleg stilling til dette. Når forsikring var gitt før saka blei teken opp til doms, kunne denne føresegna i alle fall ikkje komme til bruk.

Les heile avgjerda