Straffutmåling - spørsmål om samfunnsstraff
strl § 257, strl § 182 og vegtrl § 31
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Halsbog)
Coward, Rieber-Mohn, Øie, Utgård, Gjølstad
Saka galdt spørsmål om samfunnsstraff for ein ung mann som hadde vore straffa fleire gonger og som nå var dømd for å ha stole ein bil og sett falske skilt på han, og dessutan for tre tilfelle av kjøring utan førarkort. Saka blei i Høgsterett behandla saman med sak HR-2004-01686-A, som også reiste spørsmål om bruk av samfunnsstraff overfor ein person som var straffa fleire gonger tidlegare.
A var i tingretten dømd til fengsel utan vilkår i 60 dagar, og lagmannsretten forkasta anken hans over straffutmålinga. Heller ikkje As anke til Høgsterett førte fram. Høgsterett uttalte at det ved gjenteken kriminalitet av eit visst alvor og ein viss frekvens må krevjas spesielle og tungtvegande forhold for at samfunnsstraff skal vere aktuelt. Etter rettspraksis elles er det særleg ein klar rehabiliteringssituasjon som kan begrunne samfunnsstraff der dette ikkje ville vere naturleg om ein såg på dei straffbare forholda isolert. Når det galdt A, meinte Høgsterett at det var vanskelig å snakke om noka eigentleg rehabilitering. Det blei vist til at han var straffedømd jamnleg frå 1998 fram til i dag, til at dei tre tilfella av kjøring utan førarkort i denne saka blei gjort etter at tiltale var teken ut for biltjuveriet, og til at han i to tidlegare dommar hadde fått reaksjonar i fridom utan å oppfylle vilkåra.