Narkotika - lagmannsrettens dom oppheva - dolus eventualis

17.11.2004, HR-2004-01912-A, (sak nr. 2004/1382) straffesak, anke
§ 162 første og annet ledd ledd, jf. femte ledd
A (advokat Erling O. Lyngtveit) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Inga Bejer Engh)

Rieber-Mohn, Oftedal Broch, Utgård, Mitsem og Lund

A blei i tingretten dømd blant anna for medverknad til kjøp og oppbevaring av 194 gram heroin til ei straff av fengsel i 2 år og 3 månader. Ho hadde vore sjåfør for ein venn som skulle skaffe narkotika til ein ukjend kjøpar som var med i bilen. Ho hadde fått beskjed om å kjøre bilen, da vennen ikkje hadde sertifikat. Ho var på førehand ikkje orientert om opplegget, kvar dei skulle og kva slags stoff dei skulle kjøpe.Ho anka til lagmannsretten over bevisvurderinga under skyldspørsmålet for så vidt galdt kjøpet og oppbevaringa av heroinet. I lagmannsretten blei ho dømd på ny for medverknad til kjøp og oppbevaring av 194 gram heroin til ei straff av fengsel i 1 år og 10 månader, jf. § 162 første og andre ledd i straffeloven, jf. femte ledd. Ho anka til Høgsterett over straffutmålinga og saksbehandlinga - mangelfulle domsgrunnar. Berre anken over straffutmålinga ble tilvist. Høgsterett kom - utanfor anken - til at lagmannsrettens dom med hovudforhandling måtte opphevas fordi lagmannsretten hadde gitt ein urett omtale av kravet til forsett - dolus eventualis.

Lagretten hadde svara stadfestande på spørsmålet om narkotikabrotsverket var å rekne som grovt, jf. straffeloven§ 162 andre ledd. Det var da opp til lagmannsretten - under straffutmålinga - å ta stilling til kva slags stoff A meinte å ha hatt å gjere med, kva slags medverknad ho hadde hatt og kvifor brotsverket var å rekne som grovt. Arta og mengda er her viktige moment, og forsettet til den dømde måtte omfatte desse momenta. Med sikte på domsgrunnane til lagmannsretten på dette punktet uttala Høgsterett: "Det er ikkje tilstrekkeleg til å konstatere forsett i form av dolus eventualis at det tilhøvet som forsettet skal dekkje, for gjerningspersonen framstilte seg som mogleg, og at vedkommande likevel valde å handle. Det krevs i tillegg ei positiv innvilging av dette momentet. Lagmannsretten måtte såleis ved straffutmålinga si finne det bevist at A bevisst hadde tatt det standpunktet at ho ville medverke sjølv om det var ei så monaleg mengd heroin - her er det tale om inntil 194 gram - som skulle kjøpas/oppbevaras. Denne positive innvilginga, som rett nok inneheld eit hypotetisk element, skil - i det nedre grenseområdet - forsettet frå den bevisste aktløysa." Høgsterett uttala deretter at det var sannsynleg at den urette forståinga av forsettskravet til lagmannsretten også var presentert for lagretten i rettsutgreiinga til lagmannsretten, og at det bekreftande svaret på tilleggsspørsmålet - om narkotikabrotet var å rekne som grovt - var påverka av den urette forståinga. Lagmannsrettens dom med hovudforhandling blei følgjeleg oppheva.

Les heile avgjerda