Straffeprosessloven
Straffeprosessloven § 336
A (advokat Odd Arild Helland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tor Christian Carlsen)
Gussgard, Flock, Mitsem, Rieber-Mohn og Gjølstad
Saka gjeld forståinga av straffeprosessloven § 336 første ledd i eit tilfelle der to ankesaker var sameina i ei sak. Den dømde hadde anka til lagmannsretten over to straffedommar. I den eine var straffa målt ut til fengsel i 90 dagar, og han anka over provvurderinga og straffutmålinga. I den andre var straffa fengsel på vilkår i 75 dagar, og anken galdt berre provvurderinga. I lagmannsretten blei sakene sameina i ei sak.
Da den dømde ikkje møtte, blei ankane over bevisvurderinga avvist i medhald av straffeprosessloven § 336 første ledd. Vidare sa lagmannsretten ei felles straff på fengsel utan vilkår i seks månader for dei tilhøva som det var dømt i, i dei to straffesakene for tingretten. Høgsterett fann at det ikkje var heimel for ei slik fellesstraff. Grunnlaget for sameining av dei to ankesakene blei sett på som bortfalle, i og med at bevisanken i den saka der dette var einaste ankegrunn, var avvist . Dommen på vilkår måtte bli ståande. I den andre saka sa Høgsterett ny dom. Fråsegner om forståinga av § 336 første ledd tredje punktum.