Narkotikaforbrytelse - straffutmåling
Straffeloven § 162, 2. ledd med mer.
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes)
Utgård, Skoghøy, Dolva, Coward og Schei
Dei dominerande postane i domfellinga gjaldt erverv og vidaresal av hasj. Domfelte hadde hatt å gjere med i alt ca. 8,2 kg hasj over ein periode på nesten 2 år. Av dette vart om lag 3,2 kg selt vidare, medan politiet beslagla resten hos ein tredjemann som hadde hasjen under transport for domfelte og før det kunne kome i sal. Det var tale om sal ut frå eit reint profittmotiv, frå ein som ikkje sjølv var misbrukar.
Høgsterett gjekk inn på ei vurdering av straffenivået for hasj. Fleirtalet, fire dommarar, gjekk inn for ei varsam justering av det straffenivået som har vore gjeldande til no. Det vart vist til at det over tid har skjedd ei viss justering i straffenivået for ulike narkotiske stoff. For små kvantum, og då særleg for kvantum til eige bruk, er dette uttala i mange dommar. Men det har også skjedd for kvantum som nok er store, men som ikkje kan seiast å vere svært store. Dette kjem ikkje av ei endra vurdering av faregraden. Endringa kjem dels av ei viss revurdering av kva reaksjonar som er tenlege, men også av at ei slik justering har vorte nødvendig for å skaffe nødvendig spenn i bruk av strafferammene. Fleirtalet kom til at ei straff på fengsel i 2 år og 9 månader isolert sett ville vere rett for handlingane som gjaldt hasj. Mindretalet meinte at det ikkje hadde skjedd noko som gav grunnlag for endra syn på narkotikabrotsverka og meinte ei straff av fengsel i 3 år ville vore rett for desse. Domfelte var domfelt for å ha hatt ei avsaga hagle. Dette er i seg sjølv alvorleg og spesielt er det tilfelle i miljø som har med narkotika å gjere. I tillegg gjaldt domfelling to mindre vinningsbrotsverk. Fleirtalet uttala at det så langt bygde på ei straff av fengsel i 3 år. Høgsterett var samrøystes i spørsmålet om tilståingsrabatt for hasjen. Domfelte hadde ein hjelpar som transporterte eit parti på nesten 5 kg hasj. Vedkomande vart pågripen på toget med hasjen, og domfelte vart då straks pågripen ut frå tidlegare spaning. Domfelte tilsto straks. Det kunne i ettertid synest som politiet hadde så gode opplysningar at han hadde blitt dømd i alle tilfelle. Det kunne domfelte likevel ikkje vite. I ein slik situasjon må ei atterhaldslaus tilståing ha vekt, sjølv om den sikta er klar over at det kan vere slik at politiet har fellande prov. Også elles kunne det leggjast til grunn at domfelte ved sine forklaringar hadde letta oppklaringa av saka. Høgsterett la til grunn at det i denne saka først og fremst var tilståingar under etterforskinga som burde føre til redusert straff. Men ved si tilståing før saka gjekk til doms, gav Johansen sine forklaringar også grunnlag for tilståingsdom. Også dette var viktig: i narkotikasaker først og fremst av prosessøkonomiske grunnar. I samsvar med fleirtalet sitt syn vart straffa redusert frå fengsel i 3 år til fengsel i 2 år og 6 månader. Mindretalet røysta for 3 år.