Fartsoverskriding, 170 km/t i 80-sone, spørsmål om feil ved lasermåling.

25.05.2004, HR-2004-00932-A, (sak nr. 2004/137) straffesak, anke.
Vegtrafikklova § 31, 1. ledd, jf. § 5, 1. ledd, jf. 2. ledd, jf. skiltforskriftene § 8
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tormod Bakke)

Utgård, Stang Lund, Tjomsland, Coward og Gjølstad

A var funnen skuldig for brot på vegtrafikklova § 31, 1. ledd, jf. § 5,1. ledd, jf. 2. ledd, jf. skiltforskriftene § 8 ved å ha køyrt bil med ei fart på 170 km/t på ei strekning som var skilta med fartsgrense 80 km/t. A vedgjekk å ha køyrt i 110 km/t. Saka for Høgsterett gjaldt anke frå domfelte over bevisvurderinga under straffeutmålinga. Domfelte hadde fleire innvendingar mot måten lasermålinga var gjennomført på.

Høgsterett tok utgangspunkt i tidlegare avgjerder i Rt. 1998 side 21, Rt. 2001 side 1467 og Rt. 2001 side 1476. Etter desse er utgangspunktet - slik det vart uttala i 1998 - at eit måleresultat skal leggjast til grunn dersom "laserapparatet i enhver henseende er riktig brukt og kontrollert, og det heller ikke foreligger andre omstendigheter som kan reise tvil om målingens pålitelighet". Samtidig er det understreka at det er strenge krav til rettssikker behandling, og at det er viktig at det ikkje kan reisast tvil om at måleresultatet er rett. Ut frå dei konkrete omstenda i saka, hadde det ikkje skjedd nokon feil ved bruken av lasermålaren. Det var ikkje tvil om at laserapparatet var halde i ro under målinga, og det kunne også leggjast til grunn at målinga skjedde frå eit punkt nær vegbanen slik at målinga skjedde tilnærma rett bakfrå. Etter instruksen for bruken av lasermålaren skal teiknruta - displayet - kontrollerast kvar halve time. I dette tilfellet måtte det leggjast til grunn at kontroll hadde skjedd oftare enn dette. Sjølv om det då var uheldig at det i loggen var oppført kontroll kvar halve time, var dette ei feilføring som ikkje kunne ha noko å seie for målingane. Hovudinnvendinga frå domfelte var likevel at det ikkje hadde vore siktekontroll av lasermålaren i samsvar med regelverket. Etter dette skulle kontroll skje med målaren støtta på fast underlag eller på eit stødig stativ, og der kontroll skjedde mot eit smalt mål av typen lysmast eller flaggstong. Apparatet var her halde i handa, og vedkomande polititenestemann kunne ikkje sjå bort frå at det hadde vorte målt mot ein grantopp eller liknande. Dette var ein mangelfull kontroll. Høgsterett fann at dette likevel ikkje kunne ha noko å seie for det aktuelle kontrollresultatet. Grunnen var at siktet var kontrollert av Justervesenet ved årlege kontrollar både før og etter målinga utan å ha feil. At siktet i mellomtida skulle ha kome i feil stilling for så å kome tilbake i rett stilling, var så lite sannsynleg at dette kunne neglisjerast. Det vart også vist til at lasermålaren i tida mellom dei årlege kontrollane var brukt mange gonger med tilknytte siktekontrollar, utan at det var varsla nokon feil. Det var også feil ved innføring i loggen for andre bilar. Dette kunne ikkje ha noko å seie for den aktuelle målinga. Det var ikkje omtvista eller tvilsamt kva som hadde stått i teiknruta etter målinga av A sin bil. Anken vart etter dette forkasta.

Les heile avgjerda