Avslag på prøvelauslating

08.06.2004, HR-2004-00999-A, (sak nr. 2004/44), straffesak, anke
EMK protokoll 7, artikkel 4
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (ass. riksadvokat Hans-Petter Jahre)

Rieber-Mohn, Støle, Bruzelius, Lund, Aasland

Saka galdt spørsmålet om eit avslag på prøvelauslating grunngitt i forfølging for andre/nye straffbare tilhøve - her alvorlege narkotikabrotsverk - sperrar for vidare forfølging av desse tilhøva, jf. EMK's tilleggsprotokoll 7 artikkel 4. Saka galdt også spørsmålet om det var ein sakshandsamingsfeil av lagmannsretten å tillate opplesing av politiforklaringa til eit vitne som ikkje var til stades og fåfengt freista stemna.

A var i tingrett og lagmannsrett dømd for tilknyting til heroin - erverv, oppbevaring og sal - til fengsel i 4 år. Anken til Høgsterett galdt sakshandsaminga - spørsmålet om opplesing av ei politiforklaring - og straffutmålinga. Utanfor anken tok forsvararen opp spørsmålet om nektinga av prøvelauslatinga frå fengselsstraffa etter ein eldre narkotikadom på 1 års fengsel, sperra for den nye saka om alvorleg tilknyting til heroin, jf. P 7-4. Same kva meinte forsvararen at "oversoninga" måtte få konsekvensar for straffutmålinga. Saka blei for Høgsterett prosedert i samanheng med sakene 2003/1640, 2004/102 og 2004/395. Høgsterett forkasta anken. Når det galdt spørsmålet om avvising etter P 7-4, viste Høgsterett til saka 2003/1640, der spørsmålet blei grundig handsama og avgjort. I spørsmålet om det var urett av lagmannsretten å tillate opplesing av politiforklaringa til eit vitne - ein annan sikta - som ikkje var til stades, kom Høgsterett til at grunngjevinga til lagmannsretten for å tillate opplesing for så vidt ikkje var haldbar, men at forklaringa ikkje hadde vore det avgjerande ved provføringa til lagmannsretten, og at feilen med det ikkje hadde verka inn på innhaldet i dommen, jf. straffeprosesslovens § 343 første ledd. Høgsterett uttala seg også generelt om begjæringar frå påtalemakta om å få lese opp politiforklaringar og reiste spørsmålet om ein ikkje burde vise større atterhald her. Straffa på fengsel i 4 år blei oppretthalden, og det var da teke eit visst omsyn til den lengre soninga som følgde av avslaget på prøvelauslatinga etter den eldre dommen.

Les heile avgjerda