Straffutmåling og rettstap for lege etter incest

09.01.2004, NH-2004-0035-A, (sak nr. 2003/1346), straffesak, anke
Straffeloven § 29 nr. 2
A (advokat Tor M. Kindem) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jørn S. Maurud)

Rieber-Mohn, Lund, Oftedal Broch, Stabel og Dolva

Saka galdt straffutmåling ved seksuelt overgrep mot mindreårig dotter,under det spørsmålet om frådømming av retten til å praktisere som lege. I tingrett og lagmannsrett var A dømt til fengsel i høvesvis 1 år og 6 månader og 1 år og 8 månader, og begge instansar frådømde han retten til å praktisere som lege i 3 år. Høgsterett fant ikke tilstrekkeleg grunn til å gi dom for rettstap.

Det blei framheva at når overgrepet er skjedd utan tilknyting til det yrket som det er tale om å frådømme, er det særleg grunn til å vise varsemd med ein så streng reaksjon som rettstap. I dette tilfellet hadde nok det alvorlege overgrepet mot dottera ført til eit skår i den tilliten den dømde er avhengig av i sitt virke som spesialist i nevrokirurgi, men allmenne omsyn kunne ikkje krevje at han vert frådømd retten til å praktisere, sjølv for ei avgrensa tid, jf. strl. § 29 nr. 2. Når det ikkje blei dømd til rettstap, fann Høgsterett at straff burde skjerpas til fengsel i 2 år.

Les avgjørelsen i sin helhet