Seksuell omgang med barn under 14 år. Straffutmåling
Straffeloven § 195
I. A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Marit Bakkevig) II. Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Marit Bakkevig mot A (advokat Arne Meltvedt)
Stabel, Rieber-Mohn, Lund, Oftedal Broch og Dolva
Utmåling av straff for 33-årig mann som hadde hatt eitt samleie med ei jente på 13 år og åtte månader. Den dømde og den krenkte kom i kontakt med kvarandre på chattesidene til Dagbladet på internett, der han opplyste at han var 28 år gammal, og ho at ho var 16. Dei møttes deretter på ein parkeringsplass, og hadde eitt samleie.
Han blei tiltala både for valdtekt og for samleie med eit barn under 14 år, og fekk i tingretten ei samla straff av fengsel i fire år. I lagmannsretten blei han frifunnen for valdtekt, og straffa for samleie med mindreårig blei sett til fengsel i to år og ein månad, av det blei eitt år gjort på vilkår. Lagmannsretten - fleirtalet - la her vekt på den dømdes villfaring om alderen, at den krenkte tidligare hadde hatt samleie, at tilhøvet var slått stort opp i media, og omsynet til familien til den dømde. Høgsterett kom til at det ikkje var grunnlag for å gjere nokon del av straffa på vilkår. Minstestraffa for samleie med barn under 14 år er to år, og det er ein klar føresetnad hos lovgjevar at straffa i utgangspunktet skal vere utan vilkår. Villfaringa om alderen vil ikkje kunne ha nemnande tyding med mindre den dømde, ut frå eit strengt krav til aktsemd, ikkje er noko som helst å klandre i så måte. Slik saka låg føre, var dette ikkje tilfelle. Når det gjeld presseomtalen - der den dømde utan å vere tilstrekkeleg anonymisert blei uthengd som valdtektsbrotsmann - råka denne hardt. Omtalen måtte likevel liggje innanfor rammen av det påreknelege. Dei andre tilhøva blei ikkje rekna for å ha noko å seie for straffutmålinga. Men straffa blei, i det ein viste til Rt. 2003 side 128, sett ned til minstestraffa på to år.