Konvertering av ein dom på sikring til forvaring
strl. § 39 nr. 1 bokstavene a-f
A (advokat Arne Meltvedt) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Johan Kr. Øydegard)
Bruzelius, Gussgard, Matningsdal, Støle, Schei
A blei ved dom i Gulating lagmannsrett 24. januar 2000 dømd til fengsel i 11 år. I tillegg blei påtalemakta gitt fullmakt til å nytte sikringsmiddel som nemnde i straffeloven § 39 nr. 1 bokstavane a-f. Det dominerande tilhøvet ved straffutmålinga var drap ved kveling av den fråseparerte ektefellen til den dømde.
Sikringa var ikkje sett i verk da sikringsinstituttet blei avskaffa, og det blei reist konverteringssak mot A. Tingretten fann at vilkåra for forvaring var til stades. Anken frå den dømde til lagmannsretten blei forkasta, men fagdommarane dissenterte og meinte at han måtte frifinnas da grunnvilkåret for sikring - mangelfullt utvikla sjelsevner - ikkje er oppfylte, fordi symptom på personlegdomsforstyrringa ikkje hadde vist seg i ung alder. Anken frå den dømde til Høgsterett blei forkasta. I avgjerda er uttalt at retten ikkje oppfattar avgjerda i Rt. 2002 side 1052 slik at ein der har vilja innsnevre den etablerte forståinga av omgrepet mangelfullt utvikla sjelsevner. Uansett ligg det føre ei så markant skeivutvikling som kan sporas tilbake til ungdomsåra, at vilkåret er oppfylt. Vilkåra etter straffeloven § 39 c for forvaring var også oppfylte. Merknader om utforminga av domskonklusjonen i ei konverteringssak der ein ikkje umonaleg del av fengselsstraffa allereie er sona. Det blei fastsett ei tidsramme som svarar til den resterande delen av fengselsstraffa. Det blei ikkje fastsett minstestraff da den dømde i april 2005 vil ha sona 2/3 av fengselsstraffa. Tidsramma for forvaringa reknas da frå dommen blir rettskraftig.