Tap av førerett. Saksbehandling og straffutmåling ved promillekjøring.

15.12.2004, HR-2004-02074-A, (sak nr. 2004/1436), straffesak, anke
Vegtrafikklova §31 første til tredje ledd, jf. § 22 første ledd
A (advokat Jon Anders Hasle) mot Den offewntlege påtalemakta (statsadvokat Alf Martin Evensen)

Utgård, Oftedal Broch, Bruzelius, Mitsem og Lund

Lagmannsretten hadde gitt dom for tap av førerett for motorvogn i eit tilfelle der saka var komen inn til tingretten i oktober 2003. Etter overgangsreglane for dei nye reglane om domstolbehandling ved tap av førerett, har domstolane berre domsmynde i saker som "bringes inn" etter 1. januar 2004.

Høgsterett oppheva etter dette lagmannsrettsdommen for det punktet som gjaldt tap av førerett.

Les heile avgjerda