Krav om eit tillegg til prisane som stod i anbodet.
Tvistemålsloven § 180 andre ledd jf. § 172 første ledd
Sør-Norge Aluminium AS (advokat Hans Cappelen) mot Byggekompaniet AS (advokat Harald Fosse)
Øie, Skoghøy, Lund, Rieber-Mohn og justitiarius Schei
Sør-Norge Aluminium AS (SØRAL) heldt i 2000 ein lukka anbodskonkurranse om eit større entreprisearbeid -"Utvidelse elektrolyse 2000". Byggekompaniet AS fekk oppdraget med tre av entreprisane. Entreprisearbeida var sluttførde, men partane var usamde om korleis prisane skulle reknast ut. SØRAL meinte at prisane var faste, slik at det ikkje skulle fastsetjast noko tillegg til dei prisane som stod i anbodet. Byggekompaniet meinte at prisane som var avtala, skulle justerast for løns- og prisstigning, anten ved at prisane skulle indeksregulerast, eller ved at det skulle reknast eit tillegg til dei faste prisane.
Det var ikkje omtvista mellom partane at Byggekompaniet i anbodet tok atterhaldet "Lønn og prisstigning iflg. SSBs indeks for boligblokk", og at dette var i strid med anbodsinnbydinga. Høgsterett kom til at det ut frå ei naturleg lesing av referatet frå eit avklåringsmøte mellom partane var klårt at indeksatterhaldet vart trekt, og at partane avtala at prisane skulle vera faste. Det innebar at det korkje skulle skje noka indeksregulering eller noka anna form for regulering av prisane. Det at partane hadde forhandla i strid med forhandlingsforbodet som galdt for anbodskonkurransen, og at indeksatterhaldet hadde stor verdi for Byggekompaniet, kunne ikkje føra til at møtereferatet måtte tolkast i strid med sin klåre ordlyd.