Ansvar for tap oppstått ved ran av pengetransport.
03.03.2005, HR-2005-00327-A, (sak nr. 2004/1256), sivil sak, anke
Vegfraktlova §§ 1 og 41
DnB NOR Bank ASA (advokat Erik Keiserud) mot Securitas AS (advokat Morten Garman)
Rt-2005-175
Utgård, Oftedal Broch, Flock, Coward og justitiarius Schei
Den norske Bank ASA, som no er ein del av DnB NOR Bank ASA, hadde ein avtale med Securitas AS om transport av pengar frå ei såkalla verdigarasje i banken sin teljesentral i Lørenfaret i Oslo og til Noregs Bank. Etter kontrakten tok Securitas på seg "forsikring og ansvar" under transporten. Teljesentralen vart rana etter at Securitas var komne til verdigarasjen og var i ferd med å ta pengane ut av verdiskap der. Høgsterett tok ikkje standpunkt til kva som var skjeringspunktet for når Securitas overtok ansvaret. Eitt krav mot Securitas var under alle omstende forelda, då transporten gjekk inn under vegfraktlova der foreldingsfristen er eitt år.
Vegfraktlova gjeld for "godsbefordring", transport av gods. Banken gjorde gjeldande at det ikkje var kjøpt ei transportteneste, men ei sikringsteneste frå eit vaktselskap. Subsidiært meinte banken at pengar ikkje går inn under omgrepet gods. Vegfraktlova tek sikte på å gjennomføre CMR, som er ein konvensjon av 19. mai 1956 om fraktavtalar ved internasjonal godstransport på veg (internasjonal transport). CMR er skriven i to likeverdige versjonar, på engelsk og fransk, og begge språkversjonane har ein ordlyd som framhevar at konvensjonen gjeld unntaksfritt for alle transportkontraktar. I teorien er det allmenn oppfatning at CMR gjeld for all forflytting av gods. Det er der også eit allment standpunkt at lova omfattar alt som kan fraktast på veg, med unntak for særleg nemnde typar transportar. I teorien er klart vore uttala at også pengar, edelmetall og kunst går inn under konvensjonen. Høgsterett la dette til grunn, og uttala at eksistensen av ei eigen norsk lov for vaktverksemd, der verditransport er ein av aktivitetane som er omfatta, ikkje kan endre utgangspunktet. Vegfraktlova byggjer på CMR. Det er dessutan ikkje noko i vaktverksemdlova eller i førearbeida til denne som tilseier at vegfraktlova ikkje skal gjelde for verditransportar. Ein verditransport er ein transport som stiller særlege krav til fraktføraren. Men det er også elles slik at det kan vere tale om gods som krev at det blir teke særlege omsyn. Det kan vere verdifullt gods elles, til dømes datautstyr, og det kan vere farleg gods, der det må takast særleg omsyn til risiko for personar og miljø. Innhaldet i vegfraktlova kan gjere det vanskeleg å overføre alt ansvar for gods under transport, til fraktføraren, slik DnB og Securitas her hadde avtala, og ved internasjonal vegtransport kjem det her inn ufråvikelege reglar i vegfraktlova på dette punktet. Høgsterett uttala at dette er tekniske ansvars- og forsikringsspørsmål, som banken ikkje på nokon måte har godtgjort ikkje kan løysast i praksis. Eit mogeleg krav frå banken mot Securitas var etter dette forelda. Ein dommar hadde ein særmerknad om bruk av vegfraktlova på verditransportar.