Omsorgsovertaking
11.05.2005, HR-2005-00768-A, (sak nr. 2004/335). sivil sak, anke
Barnevernlova §4-12 fyrste leden bokstav a og bokstav d
X kommune (kommuneadvokat Elisabeth Myran Winsnes) mot A (advokat Trygve Staff)
Rt-2005-624
Støle, Utgård, Gussgard, Coward og Aasland
Saka galdt spørsmålet om å halda ved lag eit vedtak i fylkesnemnda for sosiale saker om å ta over omsorga for B, ei jente som no er tretten og eit halvt år gammal. B har eit alvorleg tilfelle av cerebral parese med lammingar og nedsett evne til å nytta bein, kropp og armar. Ho er avhengig av rullestol og kan ikkje gå utan støtte. På grunn av den fysiske funksjonshemminga treng ho mykje hjelp, og slik kjem det til å vera i åra framover.
Tingretten stadfeste vedtaket i fylkesnemnda om omsorgsovertaking. Det vart lagt vekt på at B har spesielle omsorgsbehov, og at mora ikkje hadde synt evne til å samarbeida med hjelpeapparatet. Lagmannsretten kom under dissens til at vedtaket måtte opphevast, slik at B skulle førast tilbake til mora. Fleirtalet viste til at mora, som sjølv trong behandling, hadde sagt seg viljug til å ta terapitimar hos psykolog, og at ein måtte gå ut frå at dette kom til å verka positivt på samarbeidet med hjelpeapparatet. Det vart òg lagt vekt på at B hadde gjeve uttrykk for at ho ynskte å bli førd tilbake til mora. Ein av dei fagkunnige meddommarane røysta for at vedtaket om omsorgsovertaking skulle stå ved lag Høgsterett kom til at vilkåra for omsorgsovertaking var oppfylte, og at omsynet til det som gagna B, tala for at vedtaket vart halde ved lag.
Det haltande samarbeidet med barnevernet og hjelpeapparatet elles hadde ført til at B ikkje hadde fått den faglege oppfølginga som var viktig for den fysiske og psykiske utviklinga hennar. Det var ikkje sikre haldepunkt for at omsorgsevna til mora hadde betra seg vesentleg, og B hadde hatt ei særs gunstig utvikling i tida som var gått sidan omsorgsovertakinga. Dei sakkunnige hadde karakterisert haldninga til mora som grunnleggjande paranoid. Når ein heldt dette saman med det kravet til samarbeidsevne over tid som følgde av det klåre hjelpebehovet B hadde, var det tvilsamt om omsorga burde førast tilbake.
B hadde dessutan - etter at ho vart kjend med utfallet av ankebehandlinga i lagmannsretten - gjeve uttrykk for at ho ikkje ynskte å bli førd tilbake til mora. Sidan hadde haldninga hennar vore eintydig og konsekvent. Etter dette vart dommen i tingretten stadfest.