Forsøk på innførsel av heroin - straffutmåling

01.12.2005, HR-2005-01879-A, (sak nr. 2005/1101), straffesak, anke
EMK artikkel 6 nr. 1 jf. EMK artikkel 13
A (advokat Harald Stabell) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Carl Fredrik Fari)

Rt-2005-1571

Rieber-Mohn. Øie, Støle, Flock og Aasland

Saka galdt utmåling av straff for eit forsøk på innførsel av heroin og eit grovt underslag, særleg spørsmålet om kva det skal ha å seia at påtalemakta hadde forlagt saka i om lag 15 månader. Heroinpartiet var på om lag 500 gram, og underslaget galdt til saman om lag 119 000 kroner.

Tingretten dømde A til to års fengselsstraff som fellesstraff - etterskotsdom, jf. straffelova § 64 - med to eldre dommar. Etter anke sette lagmannsretten straffa ned til fengsel i eitt år, idet narkotikabrotsverket vart subsumert ned frå forsøk på brot på § 162 fyrste leden, jf. andre leden, til berre å gjelda fyrste leden. Det vart lagt til grunn at A trudde han skulle vera med på innførsel av 10-15 gram heroin.

Høgsterett sette straffa ytterlegare ned. Dei straffbare handlingane hadde skjedd i byrjinga av januar 2002, og dommen i lagmannsretten fall i mars 2004. Deretter vart anken frå den domfelte liggjande utan førehaving hos statsadvokaten i om lag 15 månader.

Høgsterett konstaterte at dette var ei krenking av EMK artikkel 6 nr. 1, som slår fast at strafforfølginga skal gjennomførast "innan rimeleg tid", og at krenkinga måtte rettast opp ved at straffa blir sett ned, jf. EMK artikkel 13. Høgsterett fastsette deretter straffa til fengsel i sju månader.

Det låg ikkje føre rehabiliteringsomsyn, og det var ikkje grunnlag for samfunnsstraff eller deldom.

Les heile avgjerda