Straffutmåling ved trugsmål med etterfølgjande skadeverk
02.09.2005, HR-2005-01395-A, (sak nr. 2005/562), straffesak, anke
straffelova § 227 første straffalternativ og straffelova § 291 første leden, jf. andre leden
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Katharina Rise)
Rt-2005-1067
Rieber-Mohn, Bruzelius, Øie, Skoghøy, Coward
Sakstilhøvet var kort fortalt at A under ein frukost på ein restaurant i Oslo vart nekta alkoholservering, og at han deretter vende seg til den ansvarshavande, som var mørkhuda, og sa "jævla mørke mann", "eg skal eta deg til frukost", "eg skal slå deg" og "eg skal drepa deg". Dagen etter kom han attende til restauranten med eit balltre og slo i sund ei rekkje brennevinsflasker og andre ting av glas.
A vart i tingretten dømd til 120 dagars fengsel for brot på straffelova § 227 fyrste straffalternativet og § 291 fyrste leden, jf. andre leden. Lagmannsretten sette straffa til 90 dagars fengsel.
Høgsterett vraka anken frå den domfelte. Som eit skjerpande moment viste retten til at den domfelte dagen etter følgde opp trugsmålet med skadeverk, som forsterka den skremmande verknaden av trugsmålet. Høgsterett fann vidare at trugsmålet låg nær opp til § 227 andre straffalternativet, med høgare maksimumsstraff ved særdeles skjerpande omstende. Retten viste mellom anna til at trugsmålet var knytt til hudfargen til den krenkte, og at det var uprovosert. Saka gav ikkje grunnlag for noka allmenn heving av straffenivået i samband med trugsmål.