Promillekøyring - tap av førerett

20.10.2005, HR-2005-01652-A, (sak nr. 2005/920), straffesak, anke
Vegtrafikklova § 33 nr. 3
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Jan Hoel)

Rt-2005-1315

Rieber-Mohn, Utgård, Kaasen, Stabel og justitiarius Schei

Saka galdt spørsmålet om tap av førerett etter promillekøyring bør fastsetjast for ei kortare tid enn minstetida, og i denne samanhengen særleg kva det hadde å seia at førarkortet vart beslaglagt utan heimel. I tingretten vart A dømd til fengselsstraff og bot og dessutan til to års tap av førerett og pålegg om full førarprøve før vedkomande kunne få nytt førarkort. Dommen sette òg forbod mot å køyra førarkortfri motorvogn i eitt år. Lagmannsretten skjerpte fengselsstraffa, men heldt elles tingrettsdommen ved lag.

Anken til Høgsterett galdt tapet av føreretten, og det vart lagt til grunn at tapstida måtte setjast under minstetida og reduserast monaleg. Det vart elles gjort gjeldande at det ikkje bør gjevast påbod om ny førarprøve i denne situasjonen, og at forbodet mot å køyra førarkortfri motorvogn må falla bort. Høgsterett tok anken til følgje på alle punkt. Då A vart pågripen etter promillekøyring på parkeringsplassen ved flyterminalen på X i 2003 med minst 1,5 promille, vart førarkortet hans beslaglagt. Men i strid med instruksen som galdt då, vart ikkje beslaget lagt fram for jourhavande politiembetsmann. Og då det var klart at A ikkje samtykte i beslaget, skulle spørsmålet om å halda ved lag beslaget utover tre veker vore lagt fram for tingretten etter vegtrafikklova § 33 nr. 3. Dette vart ikkje gjort, og beslaget har vore uheimla. Førarkortet vart ikkje levert tilbake før 20. september 2005. I denne beslagsperioden fekk A tolv mellombels køyreløyve, men det hadde vore tidsintervall mellom dei. Løyva hadde hatt verknad i til saman 540 dagar, medan beslaget hadde hindra lovleg køyring i til saman 379 dagar frå 18. mars 2003 til 20. september 2005. I tapsforskrifta er minstetida for tap av føreretten to år når promillen er høgare enn 1,2. Men Høgsterett kom til at det i dette særskilde tilfellet var høve til å gå under minstetida etter den snevre unntaksheimelen i § 33 nr. 1 sjette leden. Hovudgrunngjevinga var det langvarige og uheimla beslaget av førarkortet. Beslagstida vart deretter sett til eitt år, som vart rekna som uthalden ved det uheimla beslaget. I denne særlege situasjon vart A heller ikkje pålagd å gjennomføra ny førarprøve, og forbodet mot å føra førarkortfri motorvogn fall bort.

Les heile avgjerda