Forsettleg drap - forsøk på valdtekt - straffutmåling.

21.11.2005, HR-2005-01812-A, (sak nr. 2005/854), straffesak, anke
Straffelova § 233 første leden og § 192 første leden bokstav a
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jogeir Nogva)

Rt-2005-1521

Oftedal Broch, Utgård, Bruzelius, Coward og Aasland

A, som var 42 år gammal og tidlegare ustraffa bortsett frå nokre handlingar han hadde gjort i alkoholrus, vart funnen skuldig i forsettleg drap og forsøk på valdekt - ikkje til samleie. Han vart i tingretten dømd til fengsel i 13 år. Etter anke sette lagmannsretten straffa til 15 år.

Drapet skjedde tidleg ein sundag morgon nær X sentrum. Offeret, ein 22 år gammal sjukepleiestudent, var på veg til arbeidet. A, som hadde drukke store mengder alkohol laurdag og natt til sundag, kasta seg over henne og drog henne inn i buskaset like ved vegen. Han freista å tvinga seg til seksuell omgang. Det vart ein kamp mellom dei. Han drog dels av henne kleda. Ho vart slegen fleire gonger i hovudet eller fekk hovudet dunka i bakken. Til slutt heldt han hendene rundt halsen på henne og klemde til slik at ho vart kvelt. Det vart lagt lite vekt på at den domfelte ikkje fekk gjennomført valdtekta som han tok sikte på, heller ikkje at lagmannsretten konstaterte sannsynlegforsett med omsyn til drapet. Det låg elles ikkje føre nokon formildande omstende. Høgsterett var samd i dei vurderingane lagmannsretten hadde gjeve uttrykk for i samband med straffutmålinga, og kom til at straffa for eit seksualdrap som dette måtte liggja på dette nivået.

Les heile avgjerda