Falsk melding, brot på vegtrafikklova og lekamsskading

28.02.2005, HR-2005-00299-A, (sak nr. 2005/55), straffesak, anke
Vegtrafikklova § 31 fyrste ledd jf. § 12 fyrste ledd
A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Siw Morrow)

Rt-2005-164

Ofteddal Broch, Bruzelius, Øie, Mitsem og Gjølstad

A var årsak til ein bilkollisjon med to andre bilar. Hans eigen bil vart ikkje mykje skadd, og han køyrde vidare utan å stoppa. Då han nokre veker etterpå fekk erstatningskrav på 100 000 kroner for skade på ein av bilane, melde han ei ukjend kvinne for å ha stole bilen hans på den tida kollisjonen skjedde.

I tingretten vart han kjend skuldig i falsk melding og brot på vegtrafikklova § 31 fyrste ledd, jf. § 12 fyrste ledd, og i lekamsskading overfor den dåverande sambuaren sin. Han anka over skuldspørsmålet for lekamsskading. Lagmannsretten fann han skuldig i lekamsskading etter straffelova 228 fyrste ledd. Straffa for dei tre tilhøva vart sett til fengsel i 45 dagar, redusert frå 60 dagar på grunn av lang saksbehandlingstid - nær tre år frå handlingane hadde skjedd til dommen i lagmannsretten låg føre. A anka til Høgsterett over straffutmålinga. Etter Høgsteretts syn måtte falsk forklaring normalt føra til fengselsstraff utan vilkår, men lagmannsretten var komen for høgt. Høgsterett sette i utgangspunktet straffa til fengsel i 36 dagar, som vart redusert til 24 dagar på grunn av tida som var gått. Det var i hovudsaka brukt for lang tid i dei to føregåande instansane, utan at den domfelte kunne lastast. Frå det var teke ut tiltale til det låg føre dom i tingretten, gjekk det 11 månader, deretter gjekk det 16 månader til dommen i lagmannsretten låg føre. Det var ikkje opplyst om noka særskild årsak til tidsbruken.

Les heile avgjerda