Seksuell omgang med jente under 14 år

27.04.2005, HR-2005-00666-A, (sak nr. 2005/246), straffesak, anke
straffeloven § 195 første ledd andre straffalternativ
A (advokat Arve Opdahl) mot Den offentlege påtalemakta, A (advokat Arve Opdahl) mot B (advokat Tore Angen)

Rt-2005-559

Øie, Utgård, Tjomsland, Stang Lund, Gjølstad

Saka galdt utmåling av straff for mellom anna seksuell omgang med nokon under 14 år, jf. straffelova § 195 fyrste leden andre straffalternativet, jf. § 206 og § 195 fyrste straffalternativet, og dessutan oppreising til den krenkte. A, som var 22 år og 9 månader, hadde to gonger hatt seksuell omgang med ei jente på 13 år og 9 månader. Ho hadde masturbert han og soge penisen hans. A hadde teke kontakt med jenta via tekstmeldingar fordi han ynskte å stetta dei seksuelle behova sine. Jenta vart forelska i han, men dei var ikkje kjærastar. Både tingretten og lagmannsretten hadde dømt A til fengsel i to år og éin månad. Spørsmålet for Høgsterett var om han burde dømmast til samfunnsstraff eller deldom.

Strafferammekravet på seks år i straffelova § 28 a fyrste leden om samfunnsstraff var ikke oppfylt. Eit spørsmål var om § 59 andre leden om tilståing utan atterhald likevel gav høve til å dømma A til samfunnsstraff. Han hadde vedgått dei faktiske tilhøva, men ikkje straffeskuld. Uttrykket tilståing utan atterhald i § 59 andre leden skal tolkast på same måten som i straffeprosesslova § 248 om tilståingsdom, jf. Ot.prp. nr. 81 (1999-2000) side 44. Høgsterett kom difor til at tilståinga i relasjon til straffelova § 59 må dekkja alle dei faktiske tilhøva som gjer handlinga straffbar, dvs. både objektive og subjektive tilhøve, men at det ikkje krevst at den sikta har vedgått straffeskuld. Spørsmålet om det i § 195 tredje leden må tolkast inn eit aktsemdskrav for at føresegna ikkje skal koma i strid med EMK artikkel 6 (2), var til førehaving i Høgsterett i ei anna sak. I kva mon konklusjonen på dette spørsmålet kunne ha noko å seia for spørsmålet om tilståinga frå A var utan atterhald, fann Høgsterett ikkje grunn til å gå nærare inn på. A burde kor som er ikkje dømmast til samfunnsstraff. Med tilvising til førearbeida og rettspraksis la Høgsterett til grunn at samfunnsstraff berre heilt unntaksvis kan koma på tale for seksuallovbrot av dette slaget; det måtte liggja føre heilt særeigne tilhøve. Slike tilhøve var det ikkje nemnt noko om. I tråd med tidlegare praksis la Høgsterett dessutan til grunn at fengselsstraffa for brot på § 195 som hovudregel skal vera fullt ut vilkårslaus. Korkje sjølve tilhøvet, alderen på partane eller relasjonen mellom A og den krenkte tilsa at delar av straffa burde vera på vilkår. Diagnosen til A, "emosjonelt ustabil personlighetsforstyrrelse, ustabil type", kunne heller ikkje ha stor vekt. Derimot burde tilståinga hans gje ei viss utteljing i form av mildare straff. Tilståinga hadde letta strafforfølginga og minska påkjenninga for den krenkte. Retten fastsette difor at seks månader av straffa skulle vera på vilkår. Sidan det ikkje var tale om noko kjærastetilhøve, men snarare ein meir tilfeldig kontakt med eit visst preg av utnytting, fann Høgsterett ikkje grunn til å endra det fastsette oppreisingsvederlaget på 30 000 kroner.

Les heile avgjerda