Felling av bjørn - naudverjeføresegna i viltlova
11.05.2005, HR-2005-00769-A, (sak nr. 2005/189), straffesak, anke
viltlova § 11 første ledd
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Helge Johann Kaasbøll) mot A mfl. (advokat Erik Keiserud)
Rt-2005-631
Utgård, Bruzelius, Gussgard, Coward, Aasland
A og B var i Frostating lagmannsrett frifunne for felling av bjørn ut frå naudverjeføresegna i viltlova § 11 første ledd, som gir høve til felling av freda vilt dersom "felling må anses påkrevet for å fjerne en aktuell og betydelig fare for skade på person". Det var dissens i lagmannsretten, og frifinninga skjedde med røystene frå eit avgjerande mindretal på tre av sju dommarar. Høgsterett oppheva dommen fordi dette mindretalet hadde brukt lova feil. Opphevinga var grunna både på forståinga av kravet til objektiv faresituasjon og av kravet til subjektiv skuld.
A, som er gardbrukar og hadde sauer i ei innhegning, og B, som på det aktuelle tidspunktet var sauegjetar, var gjort kjende med at det var sett bjørn i området der A hadde sauer. Dei tok med storviltjaktrifler og ein karelsk bjørnehund og drog ut for å finne bjørnen. Dei fekk auge på bjørnen i innhegninga, på om lag 140 meters hald. A skaut sitt første skot på 91 meters hald, B på 83 meter. Det fellande skotet vart avfyrt av A på 104 meter. Den objektive faresituasjonen må vere slik at det ut frå omstenda vil vere realistisk at det omgåande vil kome eit angrep. Det at situasjonen vil kunne utvikle seg til å bli farleg, er ikkje tilstrekkeleg. På den andre sida er det heller ikkje noko vilkår at viltet faktisk har gått til angrep. I det konkrete tilfellet var det stor avstand til bjørnen då det vart skote. Bjørnen hadde tidlegare vore observert på kort hald utan å vise aggressive teikn. Inn i vurderinga av den aktuelle faresituasjonen gjekk at begge hadde storviltrifler med fem skot i magasinet, og at dei hadde drive med konkurranseskyting og var røynde elgjegerar. Høgsterett la ut frå dette til grunn at bjørnen ikkje var så nær at det representerte ein aktuell fare. Det låg også føre andre handlingsalternativ. Det var god tid til varselskot. Dei kunne også ha starta å trekkje seg tilbake. Sjølv om det var hypotetisk kva som ville ha vorte utfallet av dette, kunne det ikkje godtakast at dei to var i ein situasjon der det var nødvendig å felle bjørnen utan å ha prøvd slike alternativ. Straffebodet i viltlova § 56 rammar også aktlause brot på lova. Kravet til aktsemd vart i avgjerda i Rt. 2004 side 1854 presisert ved det som den tiltala hadde "rimeleg foranledning til å tro". Dette inneber at det i aktløysevurderinga må stillast kvalitetskrav til dei tiltala sin handlemåte. A og B hadde starta søk etter bjørnen. Dei hadde teke med storviltvåpen, nettopp med tanke på å møte bjørn. I tillegg hadde dei med hund. Når dei to på dette viset gjekk på søk etter bjørn og også væpna seg med tanke på det, måtte det stillast strengare krav enn om dei til dømes uforvarande hadde møtt bjørn under storviltjakt. Det måtte krevjast at dei hadde tenkt gjennom kva måte dei skulle handle på, også med tanke på skræmeskot og bruk av hund. Det var ut frå dette ein feil når det i votumet frå det avgjerande mindretalet i lagmannsretten ikkje var stilt kvalitetskrav ved handlingane frå B og A.