Tap av førarrett - spørsmål om utgangspunkt for tapsperioden
30.06.2005, HR-2005-01070-A, (sak nr. 2005/647), straffesak, anke
Forskrift 19.12.2003 nr. 1660 - tap av retten til å føre motorvogn mv
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Alf Martin Evensen)
Rt-2005-947
Tjomsland, Bruzelius, Flock, Lund, Aasland
A vart stansa av politiet for å ha køyrt i påverka tilstand. Han samtykte skriftleg i beslag av førarkortet til dess saka var endeleg avgjord. Sidan han ikkje hadde førarkortet med seg, vart det ikkje fysisk overlevert til politiet. Han leverte det ikkje seinare til politiet, og han sende heller ikkje inn tapsmelding.
Under straffesaka vart det spørsmål om kva tidspunkt som var utgangspunktet for den tida tapet av førarretten skulle gjelda i eit tilfelle som dette. Høgsterett kom - til liks med fleirtalet i lagmannsretten - til at § 1-4 fyrste leden i tapsforskrifta av 19. desember 2003 nr. 1660, gjeven med heimel i vegtrafikklova § 33 nr. 1, måtte tolkast slik at fristen i eit slikt tilfelle skal reknast frå den dagen dommen er rettskraftig. Føresetnaden for unntaksføresegna i tredje punktum var - etter Høgsteretts syn - at førarkortet var fysisk tilbakelevert, eller at det var innlevert tapsmelding. Høgsterett fann likevel at tapsperioden i medhald av vegtrafikklova § 33 nr. 1 sjette leden kunne setjast kortare enn dei 20 månadene som ville ha vore i samsvar med praksis her. Det vart lagt vekt på at A vart særleg hardt råka av føresegna i forskrifta på dette punkte fordi saksbehandlingstida fram til rettskraftig dom hadde vore urimeleg lang - 20 månader - utan at dette kunne leggjast han til last. Tapsperioden vart - i samsvar med aktors påstand - sett til ti månader rekna frå rettskraftig dom.