Bedrageri ved utbetaling av offentlege tilskot til reiarlag som dreiv ferjedrift - straffutmåling.
22.09.2005, HR-2005-01509-A, (sak nr. 2005/516), straffesak, anke
Straffelova § 270 nr.1, jf. § 271, jf. § 49
A (advokat Atle Helljesen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Elisabeth Roscher)
Rt-2005-1195
Utgård, Flock, Skoghøy, Støle og Coward
Domfelte hadde vore økonomidirektør i OVDS i tida frå 1995 og til 2002. I denne perioden var han med på å leggje tilrette for søknader om offentleg støtte til ferjedrifta, og ut frå det vart han domfelt for medverknad til bedrageri for tilskotsåra 1996-2002 der tapet og tapsfaren for det offentlege utgjorde 31-34 millionar kroner og 76,2 millionar kroner, og for forsøk på bedrageri for 2003 der tapet utgjorde 7,4 millionar kroner. Bedrageria skjedde ved bruk av doble rekneskapar, der OVDS laga eit endra rekneskap som vart presentert overfor tilskotsgivarane.
Høgsterett viste til at det var tale om offentlege midlar til ferjedrift, og at systemet i stor grad var bygd på tillit. Slike system er sårbare, og det er nødvendig at brot på tilliten blir møtt med effektive sanksjonar. Det er også slik at ein her står overfor eit område der bruk av fengselsstraff mot dei ansvarlege personane må reknast å vere eit effektivt verkemiddel - meir verknadsfullt enn det som må reknast å gjelde ved mange andre typar av lovbrot. Straffa mot A måtte fastsetjast på sjølvstendig grunnlag, og utan at det vart lagt vekt på korleis straffutmålinga hadde vore for dei andre domfelte. Omfanget av bedrageri og forsøk på bedrageri var sentralt. A var i den aktuelle perioden finansdirektør i OVDS og hadde eit sjølvstendig ansvar for at han hadde delteke i handlingane. Sjølv om opplegget med doble rekneskapar hadde starta før han kom inn, hadde A utvikla verkty til å justere rekneskapa slik at dei ikkje skulle bli oppdaga, og han hadde gitt beskjed om kor store endringar som måtte gjerast. Ordninga med justerte rekneskapstal var sett i verk av tidlegare administrerande direktør, før A kom inn. Sjølv om det ikkje var reist tiltale mot administrerande direktør og styreleiar for dei åra domfellinga gjaldt, måtte det leggjast til grunn at A i alle fall trudde at desse visste kva som gjekk føre seg. Ved straffutmålinga for A måtte det ut frå det vere slik at det måtte leggjast til grunn at dei to toppleiarane var kjende med rekneskapsjusteringane og ønskte dei gjorde. Hovudansvaret for bedrageria låg under ein slik føresetnad hos den øvste leiinga. For ein mellomleiar måtte straffa setjast ein del lågare enn for ein toppleiar. Det hadde avgrensa vekt at handlingane ikkje var gjorde med tanke på eiga vinning. Høgsterett la ei viss vekt på at A hadde vedgått dei faktiske handlingane han var dømt for, sjølv om han hadde hatt synsmåtar på verknadene av handlingane. Tingretten hadde sett straffa til fengsel i 2 år og 6 månader, av dette 10 månader på vilkår. Lagmannsretten hadde sett straffa til fengsle i 2 år og 6 månader, alt utan vilkår. Høgsterett sette straffa til fengsel i 2 år, alt utan vilkår.