Medverknad til oppbevaring av hasj.
20.10.2005, HR-2005-01653-A, (sak nr. 2005/946), straffesak, anke
Straffelova § 162 første ledd jf. legemiddellova § 24 første ledd
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Carl Fredrik Fari)
Rt-2005-1319
Utgård, Kaasen, Stabel, Rieber-Mohn og justitiarius Schei
A fekk besøk av ein kamerat som hadde med seg 13,14 gram hasj. Det vart røykt hasj, utan at det kunne leggjast til grunn at det vart gjort av A. Etter ei stund gjekk dei to på pub, og hasjen vart liggjande på eit bord i huset til A til dei to kom igjen frå puben seinare på kvelden. Kameraten la seg til å sove. Politiet vart tilkalla av A som meinte nokon hadde kome på besøk, men A vedgjekk at det ikkje var korrekt. Hasjen vart då funnen på bordet. Kameraten sov tungt og let seg ikkje vekkje.
Sjølv om stoffet var teke med inn i huset av kameraten, hadde A godteke at stoffet vart liggjande der i dei timane dei to var på pub. Det var i det minste medverknad til oppbevaring når A var med på dette. Medverkinga heldt også fram når stoffet vart liggjande på bordet etter at dei kom frå puben. Det var her ikkje tale om at ein gjest hadde med seg stoff under eit kortare besøk, men om at A medverka til å stille huset sitt til rådvelde for oppbevaring. Det vart vist til ein viss likskap med tilhøvet i Rt. 2001 side 1671. Ut frå dette var A med rette domfelt for medverknad til oppbevaring av hasj.
Dommen har også omtale av kravet til domsgrunnar når det gjeld bevisresultatet.
Les heile avgjerda