Utlevering av blodprøve teken av sjukehus i samband med behandling.
21.10.2005, HR-2005-01657-A, (sak nr. 2005/200), straffesak, kjæremål
Helsepersonellova § 12 jf. vegtrafikklova § 22 a.
Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Bjørn Enoksen Ristesund) mot A (advokat Fredrik Undheim)
Rt-2005-1329
Rt-2005-
Stabel, Øie, Stang Lund, Utgård og Coward
Etter ei trafikkulykke, der ein person miste livet, litt før midnatt 31. juli 2004 var det mistanke om at føraren, A, var påverka av alkohol. A, som sjølv vart alvorleg skadd, vart straks førd til Sentralsjukehuset i Rogaland. Politiet kom til sjukehuset og rekvirerte blodprøve kl. 02.00, men prøva vart av uklare årsaker ikkje teken før 18 timar etter ulykka.
På det tidpunktet inneheldt ho ikkje alkohol. Politiet kravde då å få utlevert resultatet av ei blodprøve som vart teken i samband med behandlinga av A kort tid etter at han kom til sjukehuset. Sjukehuset viste til teieplikta og nekta.
Saka vart lagd fram for tingretten, som ikkje tok kravet til følgje, og lagmannsretten forkasta kjæremålet frå politiet. Den vidare anken frå påtalemakta vart handsama av Høgsterett i avdeling etter dei reglane som gjeld for ankesaker. Høgsterett forkasta kjæremålet. Høgsterett var samd med påtalemakta i at det var ein saksbehandlingsfeil at helseføretaket Helse Stavanger HF ikkje var gjort til part under handsaminga for tingretten, men kom til at feilen ikkje kunne ha hatt noko å seia for resultatet. Kjæremålet over lovtolkinga galdt spørsmålet om det kunne krevjast utlevering med heimel i helsepersonellova § 12.
Fleirtalet i Høgsterett meinte at føresegna var avgrensa til dei særlege situasjonane der politiet blir bede om hjelp frå helsepersonell for å få teke blodprøver av personar som er mistenkte for straffbare tilhøve, mellom anna promillekøyring. Denne hjelpeplikta - som opphavleg var sterkt omstridd av omsyn til tilliten mellom publikum og helsevesen - går klart ut over dei oppgåvene helsepersonellet til vanleg har. Fleirtalet kom til at det ikkje var naturleg å tolka føresegna utvidande slik at ein kunne krevja å få utlevert resultatet av ordinære medisinske undersøkingar.
Mindretalet - éin dommar - meinte at teieplikta ikkje var til hinder for utleveringsplikt i eit slikt tilfelle.