Skadebot og oppreising for urettkomen forfølging. Tap fordi saka vart lagt bort grunna bevisstillinga.

12.10.2005, HR-2005-01605-A, (sak nr. 2005/634), straffesak, kjæremål
Straffeprosesslova §§ 444-446
A (advokat Robert Neverdal) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Bjørn Enoksen Ristesund)

Rt-2005-1244

Utgård, Øie, Støle, Skoghøy og Matningsdal

A vart sikta for seksuell omgang med ei fosterdotter, jf. straffelova § 195 første ledd første straffalternativ. Han vart sett i arrest over natta, og heimen hans vart ransaka. Han vart avhøyrt ved eit seinare høve. Eit halvt år etter siktinga vedtok statsadvokaten å leggje bort saka etter bevisstillinga. A klaga til Riksadvokaten over at saka ikkje var lagd bort som ikkje noko strafflagt tilhøve. Fosterdottera klaga over at saka var lagd bort. Ingen av klagene vart tekne til følgje.

Sunnhordland tingrett tilkjende 796 787 kroner i skadebot og 75 000 kroner i oppreising til A. Påtalemakta påkjærte til Gulating lagmannsrett, som frifann staten. Høgsterett behandla kjæremålet, og oppheva avgjerda frå lagmannsretten. Lagmannsretten hadde ved si avgjerd lagt til grunn at vedtak om bortlegging ikkje var omfatta av omgrepet forfølginga i straffeprosesslova § 444. Høgsterett uttala at det var feil lovbruk, og at forfølginga varer ved til saka er endeleg avgjort.

Det vart mellom anna vist til forståinga av straffeprosesslova § 438, som regulerer ansvaret for sakskostnader. Høgsterett uttala samstundes at ei frifinning eller bortlegging kan grunngivast med bevistvil. Ei slik frifinning eller bortlegging vil ikkje i seg sjølv utløyse eit krav på skadebot. Det kan likevel ikkje sjåast bort frå at det likevel kan vere valda skade ved måten ei sak er avslutta på, noko lagmannsretten synest å ha sett bort frå. I tillegg var det uklart om lagmannsretten hadde lagt til grunn tilleggsvilkår, ut over at vedkomande var sikta, for at forfølginga skulle vere omfatta. Lagmannsretten hadde såleis mellom anna lagt vekt på at det var tale om "adekvate skritt som det var nødvendig å ta" og at det ikkje var "grunnlag for å bygge på annet enn at de er gjennomført på en hensynsfull måte". Også avgjerda av spørsmålet om oppreising vart oppheva.

Det vart her mellom anna vist til at då lagmannsretten synest å ha oppfatta omgrepet forfølginga noko for smalt, kunne det ikkje sjåast bort frå at dette også hadde smitta over på forståinga av § 446. Dågjeldande § 446 gav berre heimel for oppreising når vilkåra etter § 444-445 var oppfylte. Krava var sette fram før endringa av §§ 444-446 vart iverksett frå 1. januar 2004.

Høgsterett uttala at lovendringa ikkje hadde innverknad på dei spørsmåla saka reiste.

Les heile avgjerda