Krav om rente ved etterbetaling av trygdeytingar

15.12.2006, HR-2006-02110-A, (sak nr. 2006/668), sivil sak, anke

Folketrygdlova § 22-17 første ledd

A (advokat Terje A. Falkvoll) mot staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Fanny Platou Amble)

Rt-2006

Dommere: Utgård, Lund, Flock, Sverdrup, Gjølstad

A fekk 9. november 1998 godkjent uførepensjon etter reglane om yrkesskade. Vedtaket om å nytte 65 000 som årleg inntekt ved fastsetjinga vart oppheva av Frostating lagmannsrett 12. november 2001, og i nytt vedtak 20. mars 2002 vart pårekna årleg inntekt på skadetidspunktet sett til 180 000 kroner.

A fekk då etterbetalt brutto 823 305 kroner, med siste utbetaling 1. oktober 2002. Han fekk ikkje utbetalt renter ved etterbetalinga, jf. folketrygdlova § 22-17 første ledd.

A gjorde gjeldande at det var i strid med diskrimineringsforbodet i EMK artikkel 14 når han ikkje fekk utbetalt renter ved etterbetaling av yrkesskadetrygd slik det er fastsett i folketrygdlova § 22-17 første ledd. Han viste til at han hadde rett til eigedom slik dette er fastlagt i P1-1. Han kunne då ikkje diskriminerast samanlikna med dei som ikkje måtte nytte tid på overprøving av vedtak, men som fekk utbetalt korrekt pensjonsyting ved første gongs behandling.

Høgsterett kom, som dei tidlegare rettane, til at det ikkje hadde skjedd ei krenking av EMK artikkel 14 jf. P1-1. Retten til trygdeytingar er omfatta av P1-1, og det gjaldt også for kravet som A hadde.

Høgsterett viste til at framgangsmåten ved denne vurderinga mellom anna er omhandla av EMD i dom 30. september 2003 i saka Koua Poirrez mot Frankrike. Staten har ein viss skjønsmargin når det gjeld spørsmålet om skilnader er rettferdiggjorde på ein sakleg og reimeleg måte. A kunne ikkje nå fram med at han var diskriminert. Trygdesaker tek tid, og det kan skuldast mange ulike grunnar. Det kan vere både omstende partane har rådvelde over og omstende der dei ikkje har det. Ved masseforvaltning må det også reknast med at ein del avgjerder blir endra etter klage eller Trygderetten. Som ein følgje av at det kan vere svært ulike årsaker til at sakene vil ta tid, vil ein regel om rente frå første vedtak då ikkje i noko tilfelle lage faktisk likskap i dei økonomiske verknadene for personar eller grupper.

Etter dette førte anken ikkje fram.

Les avgjørelsen i sin helhet