Omfanget av samvær etter barnevernlova § 4 - 19.

08.03.2006, HR-2006-00400-A, (sak nr. 2005/1403), sivil sak, anke
Barnevernloven § 4-19
X kommune (advokat Jens Freuchen) mot A (advokat Halvard Duesund)

Tjomsland, Rieber-Mohn, Øie, Skoghøy og Aasland

Fylkesnemnda hadde overteke omsorga for ein gut som no er 13 år gammal. Mora hadde for lagmannsretten godteke omsorgsovertakinga, og tvisten for Høgsterett galdt difor berre omfanget av samværet.

Tingretten hadde fastsett tre månadlege samvær: eitt overnattingssamvær hjå mormora og to ettermiddagssamvær hjå mora. Lagmannsretten fastsette to overnattingssamvær og eitt ettermiddagssamvær per månad, som alle skulle vere hjå mora. Høgsterett var samd med tingretten og tok omsyn til kommunen sin anke. Mora var ikkje komen så langt i rehabiliteringa at ho kunne få omsorga att på ei god stund enno. Og endå om gode grunnar talte for mor og son burde få vere etter måten mykje i lag, var tida enno ikkje mogen for overnattingssamvær heime hjå mora.

Les heile avgjerda