Overskjøn. Oreigning. Spørsmål om frådrag for særføremon.

09.03.2006, HR-2006-00420-A, (sak nr. 2005/566), sivil sak, anke
Lov om vederlag ved oreigning av fast eigedom § 9
A mfl. (advokat Stig J. Harris) mot Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/Statens vegvesen Region vest

Oftedal Broch, Kaasen, Stabel, Tjomsland og Gjølstad

Overskjønet galdt oreigningsvederlag for eit veganlegg. For eigedomar som fekk vegutløysing for utbyggingsområde på attverande del av eigedomen, var det gjort føremonsfrådrag etter vederlagslova § 9. Dei ankande partane nekta for at vilkåra var til stades, sidan føremonen av veganlegget ikkje var ein særføremon for dei eigedomane det var oreigna veggrunn frå, men måtte sjåast som ein ålmenn føremon for eigedomane i distriktet. I alle tilfelle var frådraget urimeleg, fordi andre eigedomar som ikkje hadde gjeve frå seg grunn, hadde same føremon av veganlegget. Ved urimelegvurderinga måtte det leggjast vekt på at vegstyresmaktene hadde late vere å refundere etter dei meir omfattande reglane i plan- og bygningslova kap. IX.

Høgsterett heldt fast ved overskjønet. Vegåtkomst for utbyggingsområde som ligg på eigedomen til den det blir oreigna frå, er i kjerneområdet for særføremoner som utløyser føremonsfrådrag etter vederlagslova § 9. Då skal det normalt vere svært mange andre eigendomar som òg nyt godt av vegutbygginga for at føremonen skal bli rekna som ålmenn og dermed ikkje føre til føremonsfrådrag. Så lenge føremonsfrådraget ikkje var større enn refusjonssummen som ville ha kome på dersom plan- og bygningslova kap. IX hadde vorte nytta, kan heller ikkje frådraget reknast som urimelig. For ein av dei ankande partane var føremonsfrådraget større enn oreigningsvederlaget for grunn til veganlegget. Overskjønet hadde då trekt frådraget òg i vederlaget for oreigna grunn til sykkelveg, som vart gjort i same skjøn, og som ikkje gav eigaren nokon særføremon. Eigaren hevda at vilkåret for frådrag måtte vere årsakssamanheng mellom oreigningsvederlaget og særføremonen for den attverande eigedomen. Også på dette punktet stadfeste Høgsterett overskjønet. Grunngjevinga for å trekkje frå særføremoner som kjem av oreigningstiltaket, er at eigedomen elles ville få ein ekstravinst attåt fullt vederlag. Då er det ikkje grunnlag for å tolke inn noka avgrensing når det gjeld kva postar i oreigningsvederlaget for avgjeven grunn som føremonsfrådraget skal trekkjast frå.

Les heile avgjerda