Etterutrekning av meirverdiavgift overfor utanlandsk selskap.

27.03.2006, HR-2006-00536-A, (sak nr. 2005/934), sivil sak, anke
Meirverdiavgiftslova §13 jf. §3, jf. med §10 tredje ledd
Ifi OY Fotolabo Club (advokat Jan Kolbjørnsen) mot Staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Thomas Svensen)

Støle, Skoghøy, Stang Lund, Bruzelius og Aasland

Saka galdt om eit vedtak om etterutrekning av meirverdiavgift overfor eit utanlandsk selskap var gyldig. Hovudspørsmålet var om selskapet hadde avgiftspliktig omsetnad av varer i Noreg, jf. meirverdiavgiftslova § 13 jf. § 3, jamførd med § 10 tredje ledd.

Det finske selskapet Ifi OY framkallar og kopierer film og sel fotoprodukt. Med verknad frå mars 2001 etablerte selskapet eit tospora system for sendingar til kundar i Noreg: Sendingar med verdi over 200 kroner vart ekspederte til eigen representant, som sende bileta vidare til kundane. Meirverdiavgift ved innførsla (innførsleavgift) vart betalt, og ved levering til kundane i Norge vart det rekna meirverdiavgift, og innførsleavgifta vart førd til frådrag. Sendingar med verdi under 200 kroner vart sende direkte til kundane i Noreg. I samsvar med unnatak fastsett i forskrift måtte dei ikkje svare innførsleavgift. Selskapet rekna heller ikkje meirverdiavgift for den delen av omsetnaden som skreiv seg frå desse sendingane. Etter bokettersyn vart det i 2002 gjort vedtak om etterrekning av meirverdiavgift for to terminar i 2001 av noko over fem millionar kroner, attåt tilleggsavgift og renter. Staten vart frifunnen i tingretten og i lagmannsretten, og Høgsterett stadfeste dommen til lagmannsretten. Det vart lagt til grunn at selskapet var registreringspliktig næringsdrivande med heimel etter meirverdiavgiftslova § 10 tredje ledd. I tillegg var verksemda avgiftspliktig omsetnad i Noreg etter § 13 fyrste ledd. Det avgjerande vart ei heilskapsvurdering av kor tett omsetnaden var knytt til Noreg. Marknadsføringa var retta eksklusivt mot Noreg, og heile kundekontakten gjekk føre seg her. Det talde òg med at staden for kjøpsrettsleg levering var her i landet, jf. kjøpslova § 7 fjerde ledd (no forbrukarkjøpslova § 7).

Les heile avgjerda