Vederlag for støyulemper
20.06.2006, HR-2006-01088-A, (sak nr. 2005/1591), sivil sak, anke
oreigningsvederlagslova § 8 jf. grannelova § 2 fjerde ledd
Larvik kommune v/Larvik Havn KF (advokat Bjørn Trygve Nilsen) mot A (advokat Magne Revheim)
Rt-2006-788
Dommarar: Tjomsland, Oftedal Broch, Tønder, Støle og Lund
I eit avtaleskjønn ved etableringa av eit hamneanlegg for utskiping av skrotstein i Svartebukt ved Larvik sette ein av grunneigarane fram krav om vederlag for verdireduksjon på grunn av støyulemper på hytta si og på 8 regulerte hyttetomter på eigedomen. Lagmannsretten meinte at utbygginga var venteleg, og tilkjende ikkje vederlag etter hovudregelen i grannelova § 2 fyrste til tredje ledd, jf. oreigningsvederlagslova § 8. Men retten tilkjende vederlag med heimel etter grannelova § 2 fjerde ledd.
Høgsterett meinte at det i overskjønnet ikkje fanst grunngjeving for fastlegginga av den konkrete tolegrensa etter grannelova § 2 fjerde ledd, og at det var uklårt korleis dei generelle prinsippa som lagmannsretten hadde gjeve uttrykk for, var nytta i dette tilfellet. Høgsterett meinte difor at det var gjort ein absolutt saksførehavingsfeil som gjorde at overskjønnet måtte opphevast, og saka måtte heimvisast til vidare handsaming i lagmannsretten. Kommunen hadde gjort gjeldande at bruk av § 2 fjerde ledd føresette at eigedommen verkeleg var teken i bruk før forverringa av brukstilhøva sette inn, og at ubygde tomter -isolert sett - difor fall utanfor ramma av føresegna. Etter Høgsteretts skjøn var ramma for den bruken som er verna etter § 2 fjerde ledd, den same for den bruken som er verna etter § 2 fyrste til tredje ledd. I dette tilfellet, der ein måtte sjå det slik at grunneigaren hadde teke i bruk eigedomen sin til bortfeste av hyttetomter, måtte dei regulerte tomtene - i den mon bortfestet vart rekna som pårekneleg - i alle tilfelle vere innanfor ramma for vernet etter § 2 fjerde ledd. Ved den nye saksførehavinga kan grunneigaren på ny gjere gjeldande vederlagskrav med grunnlag i grannelova § 2 tredje ledd, jf. Rt. 2004 side 992. I samband med det sa Høgsterett at merknader om ventelegheitsspørsmålet ikkje var nok til å slå fast om lagmannsretten her hadde bygt på korrekt rettsbruk.