Eigedomsskatt på kabelfjernsynsanlegg
21.06.2006, HR-2006-01097-A, (sak nr. 2005/1718), sivil sak, anke
Eigedomsskattelova § 4 andre ledd
Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (advokat Harald G. Nyhus) mot Canal Digital Kabel TV AS (advokat Einar Harboe)
Rt-2006-813
Dommarar: Utgård, Kaasen, Øie, Stang Lund og Gussgard
Saka gjaldt spørsmålet om det kunne skrivast ut eigedomsskatt på eit kabelfjernsynsanlegg med heimel i eigedomsskattelova § 4 andre ledd, som gjeld eigedomsskatt på "verk og bruk".
Canal Digital Kabel TV AS har eit kabelfjernsynanlegg i Molde med i underkant av 5 000 abonnentar, hovudsakleg private husstandar. Anlegget er bygd opp av av ein matestasjon (med kontor for administrasjon og med teknisk rom med utstyr for kabelfjernsyn og internett) og av stamnett og spreienett. Leidningsnettet er kaksialkablar for overføring av fjernsynssendingar og for bruk til internett-tilkopling. Høgsterett kom til at anlegget går inn under "verk og bruk" i eigedomsskattelova og med det er omfatta av Molde kommune sitt vedtak om utskriving av skatt på slike anlegg. Det vart teke utgangspunkt i Høgsteretts dom i Rt. 2002 side 94 (Nesset), der kommunen fekk medhald i at telenettet går inn under "verk og bruk". Kabelfjernsynsnettet må vurderast etter objektive kriterier, og det kan då ikkje ha ei anna behandling enn telenettet. Begge netta er kommersielle, og begge kan nyttast til overføring av informasjon i vid tyding. Det kan då ikkje skje ei forskjellsbehandling i høve til eigedomsskatt. Som støtteargument vart det også vist til kraftnettet, som etter hevdvunnen oppfatning er gjenstand for eigedomsskatt. Canal Digital viste til at det så lenge slike anlegg har funnest, og minst i 30 år, ikkje har vore skrive ut eigedomsskatt på kabelfjernsynsanlegg. Høgsterett kom til at det ikkje kunne vere avgjerande. Praksisen hadde ikkje grunnlag i nokon dom eller i noko fråsegn frå sentral skattestyresmakt. Det hadde dessutan skjedd omfattande utvikling når det gjeld teknisk og marknadsmessig utnytting av slike anlegg. Høgsterett uttala at det skal mykje til for at ein rein ikkje-bruk skal kunne føre til at kommunens rett til å skrive ut eigedomsskatt fall bort.