Overdraging av fast eigedom frå mor i uskift bu

20.06.2006, HR-2006-01072-A, (sak nr. 2006/98), sivil sak, anke
Arvelova § 19
A (advokat Dag T. Berntsen) mot B (advokat Tore Benson)

Rt-2006-776

Dommarar: Tønder, Støle, Lund, Stang Lund og justitiarius Schei

Saka gjeld krav om omstøyting av overdraging av ein fast eigedom frå mor som sat i uskift bu, til eit av borna, jf. arvelova § 19. Spørsmålet var om det galdt eit ordinært sal eller ei gåve.

Høgsterett meinte at det då skøytet vart utferda, låg føre avtale om at overdraginga skulle skje mot vederlag. Vederlaget skulle svare til marknadsverdien av eigedomen fastsett ved verditakst. Då takseringa var gjord, ynskte ikkje mor lenger å motta betaling. I staden vart det sendt melding til skattefuten om at eigedomen var overførd frå uskiftebuet utan at det var betalt vederlag. Sjølv om det opphavleg var avtalt ordinært sal, kom Høgsterett til at overdraginga med omsyn til arvelova § 19 måtte vurderast som det den endelege avtalen gjekk ut på, nemleg gåve. Det vart særleg lagt vekt på at endringa skjedde stutt etter den opphavlege kjøpsavtala og før ho var gjennomførd. Samla sett gav dette overdraginga eit klårt gavepreg.

Les heile avgjerda