Gjennomskjering på arveavgiftsområdet
13.10.2006, HR-2006-01749-A, (sak nr. 2005/1560), sivil sak, anke,
Arveavgiftloven § 11 A
A (advokat Bettina Banoun) og B (advokat Harald Willumsen) mot staten v/Skattedirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Amund Noss)
Rt-2006-1199
Dommere: Endresen, Utgård, Matningsdal, Rieber-Mohn, Tjomsland
Anken galdt spørsmål om gjennomskjering på arveavgiftsområdet. C fekk sommaren 1995 påvist kreft, og lækjarane sa at ho hadde kring eitt år att å leva. I perioden fram til ho døydde i november same året, gjorde ho disposisjonar som kunne redusere arveavgiftsgrunnlaget. Skattedirektoratet gjorde i klagesak vedtak om å rekne ut arveavgift som om desse transaksjonane ikkje hadde skjedd.
Som dei tidlegare instansane kom Høgsterett samrøystes til at vedtaket til Skattedirektoratet måtte haldast oppe. Det vart lagt til grunn at det gjeld ei omgåingsnorm på arveavgiftsområdet, som i skatteretten elles. Dei rettleiande vilkåra for når gjennomskjering kan skje, som er etablerte gjennom praksis, vart rekna som det naturlege utgangspunktet òg på arveavgiftsområdet. I dette tilfellet meinte Høgsterett at motivet for disposisjonane var å spare arveavgift, og at transaksjonane hadde svært liten, om nokon, verdi i seg sjølve.