Narkotikasak (amfetamin). spørsmål om tap av førarrett ut frå allmenne omsyn
straffelova § 162 første og andre ledd
Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Jostein Johannessen) mot A (advokat Erik Keiserud)
Utgård, Lund, Tjomsland, Stabel, Gjølstad
Saka galdt spørsmålet om tap av førarrett til motorvogn ved domfelling for brot på straffelova § 162 første og andre ledd.
A, som budde i X, vart kontakta av ein person i Y som hadde narkotika til sals. A reiste saman med ein kamerat, i bilen til denne, frå Sørlandet til Y for å gjennomføre kjøpet. Dei to skifta på å køyre. I Y fekk dei overlevert narkotikaen medan dei sat i bilen. Dei vart pågripne i det A skulle til å starte bilen. Stoffet viste seg å vere 927,2 gram stoffblanding som inneheldt 9 prosent amfetamin og 19 prosent metamfetamin. A vart domfelt for kjøp av narkotika. I lagmannsretten vart straffa sett til fengsel i to år og ti månader. Lagmannsretten kom til at det ikkje var grunnlag for tap av førarretten, til skilnad frå tingretten som hadde sagt dom på tap i to år. Etter vegtrafikklova § 33 nr. 1 første ledd kan førarretten fråtakast "dersom hensynet til trafikksikkerheten eller allmenne hensyn ellers krever det", og frå 1. januar 2004 er det domstolane som avgjer dette i same sak som straffespørsmålet. Høgsterett gjekk gjennom bakgrunnen for lovendringa i 2003. I handhevingsrundskriva frå 1992 og 2000 frå Justisdepartementet, var narkotikabrotsverk nemnt som ei type brotsverk der førarkortet kunne inndragast av allmenne omsyn. Det var samstundes stilt krav om "klar sammenheng" for inndraging. I klagesaker der narkotika var ført med bil frå utlandet og inn i landet her, vart det ikkje godteke inndraging der "bruken av bil ikke har representert annet enn et mer eller mindre tilfeldig valg av transportmiddel". Det vart opplyst at førarkortkontoret i Oslo politidistrikt berre hadde behandla få saker om tap av allmenne omsyn dei siste 10 år, og at ingen av desse hadde tilknyting til narkotikakriminalitet. Situasjonen synest å ha vore den same i Bergen. Sjølv om det kunne finnast nokre få slike saker, gav det ikkje grunnlag for å tale om nokon praksis av særleg omfang. Høgsterett stilte opp eit krav om kvalifisert samanheng mellom narkotikabrotsverket og bruken av bil for at det kan givast dom for tap av førarrett etter allmenne omsyn. Det kan ikkje vere nok at bil er brukt fordi det er praktisk. På den andre sida kunne det ikkje stillast opp noko krav om, og det var heller ikkje noko eigna kriterium, om bil blir brukt fordi det er nødvendig. I den konkrete vurderinga vart det vist til at bruken av privat bil her ikkje hadde vore noko sentralt element ved transaksjonen. Slik bruk skjer ved mange brotsverk, ikkje minst ulike typar vinningskriminalitet. I dette tilfellet representerte ikkje bruken av bil anna enn eit meir eller mindre tilfeldig val av transportmiddel. Anken vart etter dette samrøystes forkasta.