Forsikringsbedrageri. Lovtolking, sakshandsaming og straffeutmåling
21.12.2006, HR-2006-02143-A, (sak nr. 2006/1326) og (sak nr. 2006/1345), straffesak, anke
Straffelova § 272 første ledd
A (advokat Erik Keiserud) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal) og B (advoakt John Chrstian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Sødal)
Rt-2006-1691
Dommarar: Utgård, Tjomslad, Bruzelius, Sverdrup, Gjølstad
Det var innbrotstjuveri i einebustaden til ekteparet A og B. Etter varsel til forsikringsselskapet kom det ein takstkonsulent til huset, og dei viste han då ei liste som inneheldt eit stort tal gjenstandar.
Han fekk ikkje med seg lista men bad om at det vart sendt inn vanleg skadeoppgåve. Slik oppgåve kom nokre veker seinare, og ho inneheldt ca. 110 færre gjenstandar vurderte til å ha ein samla verdi på 110 000 kroner. Det vart lagt til grunn at den siste lista var korrekt, og tiltalen mot ektefellane bygde på differansen i verdiar i dei to listene.
Høgsterett kom til at uttrykket ”oppgir til erstatning” må forståast slik at det er tilstrekkeleg at det er meldt frå til forsikringsselskapet. Det er ikkje krav om at dette må ha skjedd skriftleg eller på annan formalisert måte. Ei munnleg melding er nok. Om det er sagt i ei oppgåve at ho er førebels, gjer ikkje det at det ikkje er tale om ei oppgåve. Avgrensinga i verkeområdet ligg i kravet til forsett og vinningsføremål. Lagmannsretten hadde ut frå dette ikkje tolka lova feil.
Når det gjaldt innhaldet i domsgrunnane, kunne det ikkje stillast krav om at det var skjedd ei nærare vurdering enn den som var gjort av lagmannsretten. Det var gjort frådrag på 30 000 kroner for å vere sikker på at det var teke tilstrekkeleg omsyn til gjenstandar som uforsettleg hadde kome med på den første lista. Det var gjort ytterlegare frådrag med 12 300 kroner av andre grunnar. Domfellinga gjaldt såleis 67 700 kroner.
Lagmannsretten hadde fastsett straffa til fengsel i 30 dagar for begge. Høgsterett kom til at det var grunnlag for å gi dom på samfunnsstraff. Det vart vist til at det etter praksis, jf. Rt. 2004 side 1379, kan nyttast samfunnsstraff ved forsikringsbedrageri. I saka no hadde dei domfelte teke bort risikoen for tap for forsikringsselskapet ved den endelege oppgåva som vart sendt, og som er lagt til grunn å vere korrekt. Lagmannsretten la til grunn at endringa skjedde fordi dei domfelte angra seg og ønskte å rette opp det heile.
Straffa for begge dei tiltalte vart etter dette sett til samfunnsstraff i 60 timar, subsidiært 60 dagars fengsel, og med ei gjennomføringstid på 120 dagar.