Narkotika - forsøk på å inngå drapsforbund

07.02.2006, HR-2006-00223-A, (sak nr. 2005/1438), straffesak, anke
straffelova § 60 a
A (advokat Halvard Helle) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kristian Nicolaisen)

Utgård, Kaasen, Stabel, Flock, Gussgard

Saka gjaldt spørsmål om opplesing av politiforklaring, provokasjon, bruk av straffelova § 60 a og straffutmåling i ei sak om distribusjon av ca.160 kg amfetamin og 250 kg hasj og om forsøk på å inngå drapsforbund. A var funne skuldig i lagmannsretten og dømd for brot på straffelova § 162 tredje ledd, jf. første ledd og straffelova § 233 a til ei straff av fengsel i 18 år.

Første spørsmålet i saka gjaldt opplesing av politiforklaringar frå ein tidlegare medsikta, B, som hadde teke livet av seg i varetekt. Høgsterett tok utgangspunkt i Rt. 2004 side 1789 og Rt. 2004 side 1974, der det er lagt til grunn at ein sikta må ha hatt høve til avhøyr av eit vitne for at ei domfelling åleine eller i avgjerande grad skulle kunne byggjast på ei vitneforklaring. I saka no var det beslag, omfattande rapportar om kommunikasjonskontroll, og avhøyr av ein medsikta, C, og også avhøyr av i alt 20 vitne. Det kunne ikkje leggjast til grunn at forklaringane frå B var så sentrale at dei ikkje kunne lesast opp. Det andre spørsmålet gjaldt bruk av provokasjon, og knytte seg til domfelling for forsøk på å inngå drapsforbund. Her viste Høgsterett til Rt. 2000 side 1345 som grunnlag for prøvinga. I fengselet hadde A gitt uttrykk for eit ønskje om å ta livet av C, som hadde gitt vitneforklaringar. Ein medfange til A, D, fortalde dette til politiet. D vart av politiet utstyrt med lydopptakar og gitt beskjed om å vere aktiv. I samtale med A i fengselet foreslo D at broren skulle hentast frå Marokko for å gjennomføre drapet. Det vart samstundes avtala ein pris for å gjere det. Høgsterett uttala at her var det gjennom handlinga til politiinformanten skapt ei handling som ikkje ville ha funne stad utan aktiviteten frå informanten. Det var ikkje tale om berre mindre endringar for same handlinga i tid og stad eller liknande, men om eit heilt sjølvstendig opplegg. Dette var ulovleg provokasjon. Domfellinga for forsøk på å inngå drapsforbund måtte derfor opphevast. Som det tredje spørsmålet kom opp om det var rett når det ved domfellinga for distribusjon av narkotika var lagt til grunn at dette hadde skjedd som del av organisert kriminalitet, jf. straffelova § 60 a. Høgsterett viste til tidlegare avgjerd av same dag ( HR-2006-00222-A) der det var lagt til grunn at spørsmålet om det var organisert kriminalitet høyrer inn under skuldspørsmålet. I ei lagrettesak skulle det då ha vore lagt fram for lagretten, og ikkje avgjort av retten under straffutmålinga, slik det var her. Avgjerda om organisert kriminalitet måtte derfor opphevast. Etter dette sto det att domfelling for eitt brot på straffelova § 162 tredje ledd, jf. første ledd. Høgste straffa i lova for dette er på fengsel i 15 år. Det var vist til at A av lagmannsretten var lagt til grunn å vere hovudmannen i distribusjonen av narkotikaen i Noreg, og til at det var tale om ca. 160 kg amfetamin og 250 kg hasj. Straffa vart etter dette sett til fengsel i 15 år.

Les avgjørelsen i sin helhet