Den nedre grensa for "seksuell handling"
Straffelova § 200
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Erland Holmen)
Coward, Kaasen, Stabel, Gussgard og Aasland
Tiltalevedtaket galdt fleire brot på straffelova § 200 ved at den tiltalte - ein godt vaksen mann - hadde handfare eller kyst fleire av tenåringsveninnene til dottera. I tingretten og lagmannsretten vart han ikkje frikjend på noko punkt.
For dei fleste tiltalepunkta vann heller ikkje den tiltalte fram med anken sin til Høgsterett, sidan Høgsterett meinte at handlemåten hans var over den nedre grensa for det som må sjåast som ei "seksuell handling" i høve til § 200. Høgsterett sa at endå ytre trekk har mykje å seie for kva som skal reknast som ei "seksuell handling", må òg heilskapen i situasjonen vurderast. I denne saka var viktige moment mellom anna alderen til barnet eller den unge og aldersskilnaden mellom den unge og den tiltalte. Anken førde fram på eitt punkt - ein episode der den tiltalte hadde stroke ei 16 år gammal veninne av dottera med handa att og fram over låret fleire gonger. Tingretten og lagmannsretten hadde meint at dette kom inn under straffelova § 201. Høgsterett meinte at den relevante føresegna i tilfelle var § 200. Men jamvel om handlemåten til den tiltalte var uhøveleg og omsynslaus, ikkje minst i lys av tidlegare episodar, måtte tilhøvet falle utanfor det som § 200 er meint å råke.