Grovt aktlaus valdtekt - straffutmåling.
24.04.2006, HR-2006-00686-A, (sak nr. 2006/381), straffesak, anke
Straffelova § 192 fjerde ledd, jf. fyrste ledd bokstav a
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (kst. førstestatsadvokat Randi L. Gabrielsen)
Bruzelius, Øie, Stabel, Coward og Lund
Saka galdt straffutmåling ved grovt aktlaus valdtekt.
A var frikjend av lagmannsretten for forsettleg valdtekt, men funnen skuldig i grovt aktlaus valdtekt og dømd til fengsel utan vilkår i eitt år. Straffa omfatta òg brot på våpenlova, som var rettskraftig avgjort av tingretten. I tingretten var han under dissens vorten dømd til fengsel i tre år for forsettleg valdtekt, jf. straffelova § 192 fyrste ledd bokstav a, jf. andre ledd bokstav a og tredje ledd bokstav a, ulovleg fridomskrenking, jf. straffelova § 223 fyrste ledd, og brot på våpenlova. Han vart òg frikjend i lagmannsretten for ulovleg fridomskrenking. Høgsterett viste til at det objektivt sett dreidde seg om eit grovt tilhøve som var kvalifisert klanderverdig, men meinte at straffa var vorten noko høg. Det vart sagt at ei rettare straff ville ha vore fengsel utan vilkår i 10 månader, men pga. lang saksførehavingstid vart ho sett til 8 månader.