Seksuell omgang med barn under 14 år

21.06.2006, HR-2006-01090-A, (sak nr. 2006/507), straffesak, anke
Straffelova §195 fyrste ledd fyrste straffalternativ
A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Erland Holmen)

Rt-2006-809

Dommere: Tønder, Støle, Tjomsland, Oftedal Broch og Lund

Saka gjeld straffutmåling for seksuell omgang med gut på 13 år og 11 månader Høgsterett kom til at lovbrotet isolert sett kvalifiserte for ei fengselsstraff på noko under eitt og et halvt år. Domfelte vart i 1993 dømd til fengsel i 1 år og 2 månader for ei rekkje tilfelle av seksuell omgang med born under 14 år. Seinare hadde han fått ein dom og fire førelegg - seinast i 2003 - for seksuelle lovbrot mot mindreårige. Dommen han no vart dømd for, fall såleis inn i eit handlingsmønster som talte for eit tillegg i straffa på rundt 6 månader.

Domfelte hadde tilstått alle faktiske tilhøve, men stod på at han trudde guten var 15 år. Sidan tilståinga dekte alt som trongst for å avgjere om han hadde vore aktlaus når det galdt alderen til guten, meinte Høgsterett at kravet til atterhaldsfri tilståing låg føre, jf. straffelova § 59 andre ledd. På grunn av tilståinga vart straffa sett til 1 år og 5 månader.

Les avgjørelsen i sin helhet