Avliving av dyr - spørsmål om ein sedvanlig metode for slakting av tamrein er i strid med lova
21.08.2006, HR-2006-01453-A, (sak nr. 2006/505), straffesak, anke
dyrevernloven § 9
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Lars Fause) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)
Rt-2006-957
Dommere: Stabel, Sverdrup, Tøner, Coward, Lund
A, som er reineigar med vinterbeite aust for Kautokeino, hadde vinteren 2004 avliva minst 33 reinsdyr på sedvanleg måte, det vil seie å fange dyret med lasso, binde det i scooteren, skyte det i hovudet med salongrifle kaliber 22 på 3-5 meters hald og, om det må til, stikke det med kniv i nakken før ein tappar det for blod.
I ei fråsegn la Mattilsynet til grunn at fleire av dyra ikkje hadde vore bedøvde etter at dei var skotne, og dermed hadde lide i utrengsmål. Reineigaren vart både i tingretten og lagmannsretten frifunnen for brot på dyrevernlova § 31 jf. § 9 om avliving som kan utsetja dyr for liding. Lagmannsretten fastsette dommen under dissens, og det var dei tre fagdommarane som meinte at reineigaren var skuldig. Grunnen til at fleirtalet frifann A, var at reinen var slakta etter sedvane. At ikkje alle dyr vart bedøvde straks, vart rekna som hendelege uhell. Høgsterett oppheva dommen på grunn av mangelfulle domsgrunnar. Etter dyrevernlova er det nok med fare for at dyr lir, og det må vurderast om liding blir påførd "i utrengsmål." Ei rein tilvising til sedvane er ikkje nok. Det kunne ikkje utelukkast at avlivingsmetoden innebar ein ikkje reint liten fare for at reinsdyra kom til å li, jf. korleis dei faglege styresmaktene ser på slik bruk av salonggevær. Skulle eventuell sedvane vurderast mot ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk § 8 nr. 2, som Høgsterett ikkje tok opp slik saka stod, ville det reise spørsmål om å nytte unnataket for "grunnleggende rettigheter fastlagt i nasjonal rettsorden".