Er slag og spark under eit slagsmål lekamsfornærming eller lekamsskading
22.08.2006, HR-2006-01465-A, (sak nr. 2006/653), straffesak, anke
Straffelova §§ 229 og 229
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde) mot A og B (advokat Tor Kjærvik)
Rt-2006-970
Dommere: Stabel, Sverdrup, Tønder, Coward, Lund
Etter ein krangel på ein pub, der B og sambuaren begge var rusa, vart C slegen og sparka fleire gonger utanfor puben, dels medan han låg på bakken. Han fekk åtte blåmerke, seks i hovudet og to i brystet. Han fekk dessutan vondt i venstre kjeveledd, og vart sjukmeld i litt under to veker.
I tingretten vart dei to dømde for lekamsskading, men lagmannsretten kom under dissens til at tilhøvet fall inn under § 228 om lekamsfornærming. Høgsterett meinte det same. Utgangspunktet er at reine blautdelsskadar ikkje er lekamsskading. Summen av skadane kan likevel tale for eit anna resultat, men Høgsterett sa seg samd med aktor i at skadane heller ikkje samla sett var store nok. Høgsterett heldt med fleirtalet i lagmannsretten, som meinte at ei sjukmelding i seg sjølv ikkje seier så mykje, og difor ikkje kan avgjera spørsmålet om skadane er å rekne som lekamsskade etter straffelova § 229 fyrste straffalternativ.