Almenfarleg forbrytelse Påføring av HIV-smitte. Straffutmåling.

17.10.2006, HR-2006-01770-A, (sak nr. 2006/678), straffesak, anke,
Straffelova § 155
A (advokat Rune Valaker) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jarle Golten Smørdal) Den offentlege påtalemakta (satsadvokat Jarle Golten Smørdal) mot A (advokat Rune Valaker)

Rt-2006-1246

Dommere: Utgård, Matningsdal, Rieber-Mohn, Endresen, Tjomsland

A er fødd og oppvaksen i Thailand. Ho vart i 1999 i Thailand sambuar med ein nordmann, og ho har frå 2002 budd i Noreg. Ho var smitta med hiv-viruset og var under behandling for dette.

I februar 2004 møtte ho tilfeldig ein mann på ein busshaldeplass. Etter kontakt ved sms-meldingar møtte ho han ei veke etterpå og hadde då samleie med han. Det vart ikkje nytta kondom. Ho hadde to ytterlegare samleie i løpet av kort tid. Etter det siste samleiet gav ho han ein lapp der det stod HIV. Ho hadde uttala seg på ein måte som gjorde at han måtte oppfatte det slik at ho meinte han ikkje trengde å nytte kondom. Førstvoterande, som fekk tilslutning av to andre av dommarane, kom til at straffa burde setjast til fengsel i 120 dagar med utgangspunkt i Høgsteretts avgjerd i Rt. 2002 side 606. Det vart vist til alvoret ved hiv-smitte og til følgjene for dei som blir ramma. Samtidig vart det peika på at ho var under behandling. Han hadde teke ein risiko ved tilfeldige samleie med ei ukjend kvinne. I særleg grad vart det dessutan lagt vekt på at ho hadde sagt frå om at ho hadde smitte og med det gjort det mogeleg for han å finne ut om han var smitta. Om så var ville han kunne kome under behandling og vidare smitte kunne også hindrast. Andrevoterande, med tilslutning frå ein dommar, røysta for ei straff av fengsel i seks månader. Også han viste til dommen i Rt. 2002 side 606. Sjølv om det ikkje no vart smitte, var det likevel tale om eit alvorleg forhold som kunne fått store konsekvensar for den krenkte.

Les avgjørelsen i sin helhet