Skytevåpen - ulovleg vidareformidling

02.06.2006, HR-2006-00962-A, (sak nr. 2006/331), straffesak, anke
Straffelova § 161
I. Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tormod Bakke) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen) II. A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Tormod Bakk

Rt-2006-705

Dommarar: Skoghøy, Lund, Stang Lund, Tønder og justitiarius Schei

Saka galdt for det fyrste spørsmålet om det å skaffe fram skytevåpen med sikte på ulovleg vidareformidling kjem inn under straffelova § 161, og for det andre utmåling av straff for grovt brot på våpenlova.

Domfelte hadde som børsemakar mellom anna skaffa til vegar og selt vidare ca. 100 funksjonsdyktige pistolar og revolverar til personar som ikkje hadde ervervsløyve for slike våpen, og som heller ikkje kunne ha fått det om dei hadde søkt. Dei fleste av våpna selde kjøparane vidare til kriminelle miljø, hovudsakleg i Sverige. For dette vart børsemakaren i tingretten dømd både for brot på våpenlova og på straffelova § 161. Lagmannsretten frifann for brot på straffelova § 161, sidan dei meinte denne føresegna berre gjeld i tilfelle der ein skaffar seg våpenet med sikte på eit brotsverk. Retten tok avgjerda - utan medverknad av lagretten - i samsvar med straffeprosesslova § 362, jf. § 286. På bakgrunn av lovgjevingshistorikken var Høgsterett samd med lagmannsretten i synet på straffelova § 161, men sidan lagmannsretten ved straffutmålinga hadde lagt til grunn at tiltalte visste at våpna skulle overdragast til kriminelle, skulle lagmannsretten ikkje ha frifunne, men spurt lagretten om det var tale om medverknad til brot på straffelova § 161. På dette grunnlaget vart den frifinnande delen av dommen til lagmannsretten oppheva. I tillegg til det ovannemnde tilhøvet var tiltalte ved rettskraftig dom i tingretten dømd for uforsvarleg oppbevaring av ei stor mengd våpen og ammunisjon, to heleri og brot på rekneskapslova. Lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i fire år. Høgsterett forkasta anken til domfelte over straffutmålinga. Det var mykje som tala for ei svært streng straff, både våpenmengda, våpentypane, det at tiltalte visste om det kriminelle føremålet til kjøparane, og at han hadde drive verksemda si med falske oppgåver til våpenstyresmakta og forsøkt å fjerne serienummeret på våpna.

Les heile avgjerda