Asylsøkjar gav opp galen identitet - straffutmåling
02.06.2006, HR-2006-00964-A, (sak nr. 2006/690), straffesak, anke
Straffelova § 166 fyrste ledd
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Mandt) mot A (advokat Berit Reiss-Andersen)
Rt-2006-713
Dommarar: Øie, Tjomsland, Oftedal Broch, Kaasen og Gjølstad
A var i lagmannsretten dømd til 68 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar, subsidiært 60 dagar fengsel, for falsk forklåring, jf. straffelova § 166 fyrste ledd. Han hadde gjeve opp galen identitet til utlendingsstyresmaktene i samband med ein asylsøknad. A hadde alt busetjingsløyve og gav såleis ikkje falsk forklåring for å få opphald i Noreg. Den grunnen han hadde gjeve opp, var at han hadde problem, og at han var redd fordi han hadde pådrege seg spelegjeld. Han søkte tilflukt i ny identitet og opphald på asylmottak.
Forsvararen hadde vist til at A alt hadde busetjingsløyve og hevda at skadeverknadene ikkje var dei same som i andre asylsaker der det er gjeve falsk forklåring. Høgsterett meinte at det i seg sjølv er klårt alvorleg å freiste å skaffe seg to identitetar. Omstenda kring den strafflagde handlinga kunne difor ikkje vere grunnlag for samfunnsstraff. Det var heller ikkje andre grunnar som var gode nok til å påleggje slik straff. Høgsterett sette straffa til fengsel utan vilkår i 45 dagar.