Lenging av festehøve. Spørsmål om tilhøve mellom tomtefestelova § 33 og Grunnlova §§ 97 og 105
Høgsteretts dom 21.9.2007, HR-2007-01594-P, (sak nr. 2007/410), sivil sak, anke
Tomtefestelova § 33 og Grunnlova §§ 97 og 105
Berit Mogan Lindheim (advokat Sveinung O. Flaaten) mot Bjørg Melsom og Ove Melsom (advokat Odd Gleditsch d.y.)
Rt-2007-1306
Dommarane: Utgård, Lund, Tjomsland, Matningsdal, Skoghøy, Stabel, Schei
Tomtefeste. Lenging av festehøve (fritidsfeste). Spørsmål om tilhøvet mellom tomtefestelova § 33 og Grunnlova § 97 og § 105.
Saka gjaldt lenging av festeavtale for fritidsbustad. Festeavtalen på 40 år var inngått i 1968 og avgifta er etter indeksregulering 1 622 kroner i året. Festarane sette fram krav om lenging av avtalen i medhald av tomtefestelova § 33 på same vilkår, noko grunneigaren meinte var i strid med Grunnlova § 97 og § 105.
Høgsterett viste til avgjerda i sak 2007/237. Det er ikkje grunn til ei anna løysing for fritidseigedommar enn for bustadeigedommar. Det måtte leggjast til grunn at lovgivar har meint at desse skal behandlast likt, noko som må vege tungt ved vurderinga. Høgsterett uttala i tillegg at sjølv om det nok er så at sosiale omsyn særleg kjem inn når det gjeld faste bustader, har det også stor vekt for trivsel og velferd å kunne ha ein fritidsbustad. Prosessfullmektigane i saka hadde ikkje lagt nemnande vekt på skiljet i føremål.
Det var såleis heller ikkje i denne saka grunnlag for å setje lova til sides.